NB! Work in progress - bloggen endrar seg og veks seg til smått om senn.... Takk for at du tek turen innom!

torsdag 20. januar 2011

Ein SALMA ved dagens slutt!

Eg har ete ein fantastisk god middag i dag, og deler oppskrifta med deg! Det er så kjekt med mat som tek kort tid å lage, men som smakar godt og har herlege og sunne råvarer. Denne lakseoppskrifta ligg høgt på favorittlista her i huset!

014

Slik gjer du det:

♥ Kjøp eit stykke Salma-laks og skjær den i passe store bitar. Du kan også steike den heil.

♥ Legg stykka i ei eldfast form

♥ Strø over litt salt

♥ Legg ei raus ts grøn pesto på kvart stykke (eller så mykje som du vil)

♥ Til slutt legg du på ein klatt seterrømme

♥ Steik i ovnen på 225 grader i ca 25 minutt. Sjekk laksen undervegs, du vil ikkje ha den for mykje steikt!

Laks

Poteter og fargerike grønsaker er ypperleg tilbehør!

Alle burde unne seg ein slik laksemiddag av og til!!!

Velbekomme…

1 kommentar: