NB! Work in progress - bloggen endrar seg og veks seg til smått om senn.... Takk for at du tek turen innom!

onsdag 29. juni 2011

Bringebæris – smaken av sommar…

Eg har tidlegare lagt ut ei oppskrift på youghurtis. Ungane likte den, men gav tilbakemelding på at den kanskje var i “suraste” laget. Her kjem difor ei litt meir barnevennlig oppskrift med bær.

IMG_9404

Til grunnoppskrifta treng du dette:

1 stort beger vaniljeyoughurt

1.5 dl fløte

100 gram melis

Slik gjer du det:

Pisk fløte og melis stivt. Tilsett youghurten. Bland godt.

Tilsett bringebær (eller anna bær om du ynskjer det). Eg erfarte at det var best å  bruke frosne bær slik at dei ikkje “vatna” ut isen.

Slå blandinga i ei flat plastboks med lokk. Sett i frysen, helst natta over. Men om du er skikkeleg lysten på is kan det vere nok med fire timar.

IMG_9405

Når du skal servere løsnar du isen med ein kniv, set boksa opp/ned på ei skjærefjøl og skjær opp passe bitar. Legg isen på nydelege dessertfat eller i ein plastkopp – smakar fantastisk uansett!

mandag 27. juni 2011

Steikt torsk på potetseng med brokkoli- og blomkålmos, smørdampa gulrøter og asparges.

Det er så altfor lenge sidan eg har lagt ut oppskrifter her inne! Men no er det sommartid og husfrua har betre tid til matlaging! I dag legg eg ut ei oppskrift eg har eksperimentert litt med. Eg skal ikkje skryte på meg at eg er den einaste som har kome på å lage dette, men det er smakskombinasjonane eg har jobba mest med. Det må vere smakar som komplementerer kvarandre og som verkeleg gir smaksoppleving og lyftar retten.

IMG_0089

For å lage dette treng du: skinn-og beinfri torskefilèt, soltørka tomat i olje, blomkål, brokkoli, gulrot og asparges. I tillegg skal retten smakast til med ymse krydder og smaken av sitron.

IMG_0098

Skrell fyrst potetene og skjær dei i passe tynne skiver. Legg fyrst eitt lag med poteter i ei eldfast form. Krydre med salt og sitronpepar. Alternativt kan du bruke vanleg pepar og heller skvise over litt sitronsaft.

Legg så over det andre laget med poteteskiver. Krydre på same måte.

Sett den eldfaste forma i steikeomnen på 225 grader i ein halvtime.

Medan potetene steikjer i omnen brukar du tid på å steike torsken.

Ta ut forma og gjer klart for å legge over dei andre ingrediensane.

 

IMG_0114

 

Smelt godt smør (gjerne meierismør) i panna og vent til det sluttar å skumme.

Legg i torsken og steik den gyllen og fin. Ikkje steik den for mykje, då blir den berre tørr. Den treng ikkje å vere heilt gjennomsteikt, då den må i omnen i lag med potetene etterpå.

Krydre med salt og sitronpepar. Dersom du har vanleg pepar kan du skvise over litt sitronsaft om du har.

 

 

 

 

Når fisken har fått bruna seg litt og potetene i omnen er ferdige, kuttar du litt soltørka tomat og strør over potetene. Legg så over fisken og sett tilbake i omnen. La den stå der til du ser at fisken er akkurat passe steikt.

IMG_0120 IMG_0124

La fisken kvile på eit fat medan du lagar purè av brokkoli og blomkål. Kok opp lettsalta vatn og legg i blomkål og brokkoli. La det koke til det er akkurat mørt. Slå av vatnet og damp grønsakene tørre. Ha i 1-2 gode skeier med meierismør og 1 ss fløyte eller 1-2 ss mjølk. Bruk stavmiksar og mos til det blir ein jamn og fin purè. Smak til med salt og grovkverna pepar. Den må ikkje bli for tam!

IMG_0110 IMG_0113

Det neste du gjer klart er asparges. Knekk den der det er naturleg (om lag tre siste centimeterane på stilken). Bruk potetskrellar og skrell av skalet på nederste halvdel av stilken. Ver forsiktig – den knekk lett!

Legg aspargesen i ei god og varm steikepanne med smelta meierismør. Rull dei litt rundt i smøret før du krydrar med Maldonsalt og grovkverna pepar. Skru ned varmen og la dei kose seg i panna til du er klar til å anrette maten.

IMG_0122

Så er det på tide å tilberede gulrøtene. Eg har funne meg ein ny favorittmåte å tilberede dei på.

Fyrst skrellar eg av alt skalet. Så held eg fram med å skrelle gulrota og puttar alt i ei lita gryte. Dersom du er veldig avansert kan du sjølvsagt bruke ein julienne-kuttar og få fine strimlar!

Ha ein god smørklatt i gryta og krydre med grovkverna pepar. Du vil bli positivt overraska over smakskombinasjonen!  La det heile putre forsiktig slik at dei ikkje blir for mjuke. Nokre få minutt er alt som trengst! PS! Til kvardags byttar du ut smøret med ein liten dæsj vatn!

 

IMG_0125

Ta eit fint fat og anrett maten. Eg har poteter og fisk i eine enden av fatet og grønsaken i den andre enden av fatet. Du kan gjere det kunstferdig og flott, eller kvardagsleg og flott!

IMG_0127

Eg vonar du tør å prøve deg på denne retten eller lage din eigen versjon av den! Det verkar kanskje vanskeleg, men det er berre å ta det steg for steg så går det bra! For å skaffe deg ei viss oversikt skal du altså;

  • Skrelle poteter og skjære dei i skiver
  • Steike fisken i panna
  • Lage purè av brokkoli og blomkål
  • Smørsteikje asparges
  • Smørdampe gulrot

Inn i mellom alt dette må du krydre litt og smake litt. Du må skjære soltørka tomat, skvise litt sitron og passe på at fisken ikkje blir for mykje steikt!

Håper maten vil smake!