NB! Work in progress - bloggen endrar seg og veks seg til smått om senn.... Takk for at du tek turen innom!

tirsdag 4. oktober 2011

Hipp hurra for den “nye” kjøkkenbenk-bloggen min!

Då er mange veker med venting og spenning over! I dag lanserte matprat.no eit heilt nytt konsept som du finn her. Eg er ein av dei få som har vore så heldig å få vere med på dette! I morgon skal eg skrive litt om korleis du òg kan verte ein matbloggar på matprat.no!

framside, på kjøkkenbenken

Dei som kjenner bloggen min frå før vil legge merke til at mykje er nytt. Med god hjelp frå matprat.no har eg gått over til Wordpress. Dette er eit nytt bloggsystem for meg, så det vil sikkert gå litt tid før alt blir heilt som eg vil…

Uansett; du er hjarteleg velkomen på kjøkkenbenken min! I dag har eg laga supergode pannekaker. Oppskrifta ligg sjølvsagt på bloggen! Klikk på denne lenkja for å kome deg inn til meg. Legg meg gjerne til i blogglista di slik at du finn tilbake til meg. Du som har lagra meg frå før må lagre den nye adressa. Kanskje dukkar det opp ein giveaway snart???

Eg vert veldig glad om du fortel bloggvener om den nye kjøkkenbenk-bloggen min!

 

Velkomen!

søndag 2. oktober 2011

Enkel iskake med raude og blå bær

I dag ligg Sunnmøre bada i haustsol og sjølv om temperaturane ikkje er like sommarlege som dei har vore i det siste, kan det likevel vere på sin plass med ei iskake i dag.

Denne oppskrifta har eg eigentleg kalla “Torill spesial”, då eg har fått den med ein god kollega som heiter Torill.

Dette treng du:

To pakkar kremfløte

To ss melis

Ein pakke ferdig vaniljekrem

To pakkar pikekyss

Tips: dersom du har eggekvite til overs frå andre bakverk,så kan du enkelt lage marengstoppar (pikekyss) sjølv. Oppskrift på heimelaga marengs finn du her. Er du av den avanserte sorten lagar du sjølvsagt vaniljekremen sjølv! Her er ei enkel oppskrift på det.

Slik gjer du det:

iskake

Bland fløte og melis og pisk mjukt. Pass på så ikkje kremen blir altfor piska.

iskake6

Bland vaniljekremen og knuste pikekyss i kremen. Bland forsiktig.

iskake2

Hell halvparten av blandinga i ei kakeform. Kle den gjerne med bakepapir i botnen.

iskake3

Legg på frossen bær. Mine favorittar er bringebær og blåbær. Hell så over resten av blandinga. Dekke med plastfolie og set kakeforma i frysaren.

iskake4 iskake5

Dette er ei svært takknemleg kake å lage, då den nesten ikkje tek tid og at den er så enkel at ungane kan hjelpe til med å lage den.

Kaka treng om lag 4-6 timar i frysaren før servering. Pynt gjerne med frosne bær og litt marshmellows når du set den på bordet til gjestane!

Ynskjer alle ein fantastisk haustsøndag!

torsdag 22. september 2011

Salat treng ikkje alltid å ligge i ei skål!

Eigentleg likar eg aller best å servere salat på store, flate fat. Det ser så delikat ut og så viser alle ingrediensane så godt. Denne gongen har eg laga salaten i salaten!

IMG_2705

Det viktigaste du treng er hjertesalat. Plukk salatblada i frå kvarandre og vask dei godt. Legg dei fint på eit rundt fat.

IMG_2706

Ta deg så ein tur i kjøleskapet og sjå kva du har. Denne gongen brukte eg paprika, raud løk, agurk og tomat (sistnemnte låg sjølvsagt ikkje i kjøleskapet!). Skjær alt i små bitar og strø dei i salatblada. Når alt var på plass risla eg over god olivenolje og balsamicoeddik. Deretter la eg på krutongar rista i olje og kvitløk.

IMG_2716

Denne gongen vart salaten servert i lag med pastasløyfer frå Olivier & Co og chilimarinert kyllingfilèt.

IMG_2719

Dommen frå den kritiske juryen var heilt klar; det var supergøy å ete slik salat til middagen! Dei likte å plukke seg eit salatblad med godsaker og legge på fatet. Litt ekstra balsamico på tallerkenen til å dyppe godsakene i er obligatorisk!

Det skal vere gøy å lage middag og tilbehør til middag. Å lage denne salaten som tilbehør tek lite tid og er utruleg godt. Du brukar sjølvsagt det du har tilgjengeleg og det du likar godt.

Har du ein salatfavoritt???

tirsdag 20. september 2011

...om å pakke inn spaghetti

Dette handlar ikkje om å pakke inn spaghetti som gåve. Det handlar om å rulle nykokt, al dente pasta i ein herleg miks av oljar, safter og smakfulle ingrediensar. Dette er ei søt, lita oppskrift som gjer spaghettien til ei fryd og ete, og som slettes ikkje treng anna tilbehør! Og best av alt; det går lynande fort å lage det, og om ein har litt basisingrediensar i skapa sine, så er det utruleg billeg mat!

 

paprika, kvitløk, basilikum, sitron, søte tomatar

 

Ta alle ingrediensane på bileta oppom, og hakk dei opp i små, små bitar. Sitronen skal du ikkje hakke, men vaske godt og rive av litt sitronskal. Bruk eit zest-jarn eller ei fin rasp. PS! Fjern innmaten i tomatane, du treng berre tomatkjøtet. Bland desse ingrediensane i ei skål. Tilsett litt salt, grovkverna pepar og ørlite sukker. Bland alt godt.

god olivenolje, balsamico, sitronsaft

Bruk ca to delar olje og 1/2-1 del balsamico (kjem an på kor godt du likar det) og safta frå minimum ein halv sitron. Rør dette godt saman og slå det over dei andre ingrediensane. Bland godt. Slå dette over nykokt pasta og bland godt! Det er her omgrepet "å pakke inn" kjem til sin rett! Pynt gjerne med basilikum, evt. litt riven ost og små cherrytomatar delt i to (det er mykje fantastisk god tomat å få kjøpt, prøv gjerne ulike sortar). For å toppe det heile raspar eg alltid over litt sitronskal. Mmmmmmm...... Du kan sjølvsagt tilsette steikt kyllingbryst eller litt god skinke - men for all del: styr unna kjøtdeig!

Håper maten vil smake!

onsdag 7. september 2011

Verdens beste kjøtbollar!

Å lage kjøtbollar er noko av det kjekkaste jentene mine veit! Oppskrifta består stort sett av det ein til ei kvar tid måtte ha i kjøleskapet, så her er det rom for store variasjonar! Det eg foreslår her er ei basic-oppskrift, med tips til nokre ingrediensar som kan piffe opp bollane litt! Etter å ha smakt desse, kjem du nok neppe til å kjøpe ferdige kjøtbollar igjen...

kjøttbollar

Dette treng du for å lage ein raus familieporsjon:

To pk familiedeig (vi meiner bollane blir best når ein brukar deig med svinekjøt), flatblada persille (vanl. persille går også), kvitløk (gjerne tre fedd), 1/4 ts salt, svart pepar, 2-3 ss worchestershire-saus (el. anna saus du måtte like: tabasco, søt chili m.m. - ta det du evt. måtte ha), 1-2 ss sitronsaft (el. 1 ss sitronsaft+1ss raspa sitronskal).

Dette er grunnoppskrifta vår! For å piffe den opp litt brukar vi i tillegg hakka fetaost og hakka oliven. Du kan sjølvsagt ha i hakka løk, paprika, ulike krydderurter - eigentleg alt du har lyst på! Som du ser har ikkje eg med egg i oppskrifta. Dels fordi guten vår har eggeallergi, dels fordi eg meiner det ikkje er nødvendig. Men ha gjerne i eit egg om du ynskjer det! Bruk dei ingrediensane du har lyst til!

Slik gjer du det:

Framgangsmåten er særs enkel! Bland alt i ein stor bolle - bruk fingrane. Kna godt - men ikkje for lenge, pass på at alt er godt blanda. Lag små bollar, bruk hendene. La gjerne ungane gjere denne jobben, dei har lettast for å få bollane små nok. Bør ikkje vere større enn ei STOR klinkekule. Steik dei i ei blanding av margarin og god olivenolje. Ikkje steik dei ihèl! Pass på at alle har fin farge og steikeskorpe, legg dei deretter i ei eldfast form og ha dei ei stund i steikeomnen (ca. 200 grader, 15 minutt).


Korleis et ein dette?
Sidan dette er kjøtbollar med mykje smak, er det ikkje nødvendig med sterk saus til. Vi brukar bandspaghetti (el. anna spaghetti, helst fersk) og ein god salat med masse små, søte babytomatar. I tillegg kan det vere godt å koke inn fløte med godt krydder og litt salt, som du slår over spaghettien når den er ferdig. Meir treng du ikkje!
Dette er ei av favorittoppskriftene våre! Kjøtbollane smakar kjempegodt, er enkle å lage og supert for ungane å få hjelpe til med. Når eg lagar mat synest eg det er kjekt om eg klarar å lure inn ein "special touch", eller ein hemmeleg ingrediens, som Ida kallar det. I denne oppskrifta vil det nok vere sitronen som tilfører det vesle ekstra! Då er det berre å sette igong!

tirsdag 6. september 2011

Pitapizza

Når ein får lunsjgjestar, er det kjekt å diske opp med ein lunsjrett som er enkel å lage, med få ingrediensar og som er ei garantert smaksoppleving! Pitapizza er ein favoritt her i huset, og så synest ungane det er ekstra stas når dei får lage pizzaen sin sjølv!fredagslunsj

(beklagar den dårlege biletekvaliteten, det er eit mobilbilete…)

Dette treng du til fire personar:

Fire pitabrød, gjerne grove

Tomatsaus, heimelaga eller kjøpt

2-4 kyllingfilètar (krydre under steiking)

Raud løk

Sitronpepar

Riven ost

Ingrediensar til ein grøn salat – ta det du likar eller det du måtte ha tilgjengeleg!

Steik på 225 grader til du ser osten er smelta og gyllen (om lag 10-15 minutt)

Slik gjer du det:

Ta eit pitabrød, smør på tomatsaus - heimelaga eller kjøpt! Legg på steikt kyllingkjøtt i bitar og strimlar med raud løk. Over dette har eg litt sitronpepar - sitronen set verkeleg prikken over i`en! Topp med ost. Eg synest det er best når ein blandar ulike ostesortar. Min favoritt er riven cheddar og mozzarella. Dryss litt grasløk og flaksalt på toppen. Hugs at vi et like mykje med auga som med munnen, så det er viktig at det ser fint ut. Legg litt blanda salat og tomat rundt eit fat, slå over olivenolje og balsamicoeddik. Pizzaen legg du midt på - og vips, så har du eit fantastisk måltid som vil overraske dei fleste! Berre prøv, og legg gjerne igjen ein kommentar dersom du likar det!

søndag 28. august 2011

Matpakkerundstykker med raspa brunost

Av og til blir ungane rett og slett lei brødskiver i matpakken. I dag baka eg difor grove matpakkerundstykker med raspa brunost. Eg brukte ei heilt vanleg oppskrift på grove rundstykker, og så tilsette eg raspa brunost. Dersom du har ei favorittoppskrift kan du sjølvsagt bruke den, eller så kan du lage denne:

6 dl sammalt kveite

6 dl kveitemjøl

50 g gjær

1/2 ts salt

5 dl vatn

2 ss olje

Raspa brunost

IMG_2267 copy

Bruk denne oppskrifta som utgangspunkt, og så kan du tilsette det du likar. I dag hadde eg i litt linfrø. Bland alle dei tørre ingrediensane i lag med gjær og salt. Rasp kjøleskapskald brunost med eit fint rivjern. Ta så mykje brunost som du vil.

IMG_2272

Tilsett passe temperert vatn og olje. Bruk kjøkkenmaskin og elt deigen godt. Det blir best resultat om du eltar deigen i om lag sju minutt. Eg har ei gammal kjøkkenmaskin som eg har arva etter farmor. Den er sikkert meir enn 30 år gammal. Visse ting tyder på at den kanskje har tenkt å pensjonere seg snart, så om nokon har veldig lyst å sponse meg med ei flunkande ny Kitchen Aid, så er det sjølvsagt høve til det, he, he!!!

Etter at deigen er elta godt, dekkjer du bakebollen med plast eller lokk. Hev til dobbel storleik. Trill ut rundstykka og hev på nytt. Steik på 250 grader i ca 12 minutt. Sjekk undervegs slik at dei ikkje blir brent. Dersom du treng meir tid, så gir du dei 1-2 minutt til.

IMG_2275 copy

Etter at rundstykka hadde kjølt seg ned litt, sprang eg bort til tantegulla med litt fersk bakst. Så smurte vi rundstykka og gjekk ut for å ete.

IMG_2279

Det er fyrste gongen eg bakar rundstykker med brunost i deigen, og var sjølvsagt spent på resultatet… Ungane skrytte uhemma av baksten og åt masse! Dei vart veldig saftige og gode!

IMG_2289

Det var så utruleg deilig å vere ute i kveld. Noko av sommaren vi ikkje fekk i juni og juli, glimta til no siste dagane. Minstemor pynta på fjøla si med ein margeritt! Og midt i alt mjølkesølet låg den der og lokka på sommarkjenslene! Trefjølene er ei gåve frå mamma. Det er veldig praktisk å ete av desse i staden for å bruke fat – særleg når ein er ute!

IMG_2298 copy

Ynskjer alle mine lesarar ei god veke med mykje godt på menyen! Kanskje bakar du brunostrundstykker og puttar i matboksa???

(PS! Midt i fotoseansen vart det litt for mange hender som skulle hjelpe til, noko som enda med at mjøkeglaset fekk seg ein dytt og mjølka skvulpa over. Men jammen vart det ein fin effekt på bileta! Aldri så gale at det ikkje er godt for noko, hi, hi!)

PS! Vil du følge livet på kjøkkenbenken min på FB, så klikkar du berre her og legg deg til!

fredag 26. august 2011

Korleis lage god middag i ein fei?

Eg har tenkt å skrive litt om korleis god middag kan lagast i ein fei. Med min travle kvardag blir ikkje mat laga frå botnen av kvar dag. Dagens middag er basert på varer eg finn i daglegvarehylla. For å lage ein raus middag til ein familie på fem, treng du dette:

  • ein pakke kyllingsnitzlar frå Prior (eller andre snitzlar)
  • tre posar potetstappe
  • eit stykke bacon
  • litt creme fraiche eller rømme
  • litt ost (gjerne restar)
  • tomatar
  • litt grasløk til pynt

IMG_2245

Middagen tek om lag 20 minutt å lage, frå du har pakka ut daglegvarene til middagen står på bordet.

Slik gjer du det:

Skjær bacon i små, små terningar/bitar og steik. Så steikjer du snitzlane på svak varme medan du lagar potetstappe. Når stappa er ferdig å svelle, tilset du 1-2 ss creme fraiche eller rømme og osten. Bland godt og haldt varmt. 

IMG_2246

 

På biletet ser du tallerkenen til 4-åringen min.

Små born et med augene òg, akkurat slik som oss vaksne! Om maten ser litt gøyal og fargerik ut, så et dei gjerne meir.

 

 

Du kan godt lage litt gøyale tallerkenar til ungane i familien. Det treng ikkje å ta så mykje tid.

IMG_2250

Start med å skjære snitzelen i “strimlar” på tvers. Bygg dei opp lagvis på tallerkenen og set ein tomat på toppen. Har du ikkje tomat kan det godt vere skiva gulrot eller agurk, ein brokkolikvast eller bit av eit blomkål.

 IMG_2262

Legg små “klattar” med potetstappe på tallerkenen, strø over bacon og nokre ostebitar. Pynt med grasløk. Til slutt legg du på litt rømme/creme fraiche som kyllingbitane kan dyppast i.

Ikkje kast restane om du skulle løyve noko. Det er heilt sikkert nokon som vil sette pris på ein varm kvelds! Eller du kan lage ferdige porsjonar på tallerkenar og så kan ungane varme det sjølve når dei kjem heim frå skule neste dag!

På denne måten kan ein “ferdigmiddag” få ein personleg og heimelaga touch!

søndag 21. august 2011

Frukost for to ♥

Her i huset er det eit ufråvikeleg krav at alle skal ete frukost i lag på laurdagar og søndagar. Skjønt, krav og krav… Eg kunne like gjerne ha sagt ufråvikeleg høgdepunkt eller ufråvikeleg samlingspunkt. Klokka blir ofte både 10 og 11 før frukosten står på bordet, og ofte lagar vi plass til tanteungar og andre kring bordet. Når vi samlast til desse seine og lange frukostane er egg eit sjølvsagt innslag på kjøkkenbordet, så i dag skal du få ei oppskrift med meg på ein omelett som er supergod! Det er ingenting hokus pokus med den eigentleg, men i går laga eg den på ein litt annan måte enn elles.

Men kvifor har eg kalla innlegget “frukost for to”, når vi alltid er minimum fem kring bordet? Det har seg nemleg slik at eg og husbonden hadde laga klart til frukost i går, men ungane hadde absolutt ikkje tid til å kome akkurat då, for dei var midt i eit spennande barne-TV på loftet. Vi ropte fleire gongar, men til slutt gav vi opp. Då sette vi oss ende ned og kosa oss med ein stille og roleg frukost, berre vi to. Eg veit ikkje om omeletten var ekstra god fordi eg hadde vore heldig med oppskrifta, eller om det var fordi det var så godt å nyte den i fred og ro… Uansett, her kjem oppskrifta!

Til to personar treng du:

3 egg

3 ss fløyte (mjølk eller vatn om det er kvardag)

Salt

Pepar

Purreløk, så mykje du vil

Paprika, så mykje du vil

Brokkoli, så mykje du vil

Soyaolje til steiking

IMG_1979

Slik gjer du det:

Knekk egga og tilsett fløte, litt salt og pepar. Rør til alt er blanda. Slå det over i ei steikjepanne. Det er fint om du har ei litt stor steikjepanne, slik at ikkje omeletten tek all plassen i panna. Du kan godt bruke steikjespaden og forme omeletten til han får den storleiken du vil ha. Ved sidan av steikjepanna surrar du grønsakene lett, før du legg dei utover omeletten. Bruk godt med soyaolje. Vanlegvis hadde eg brukt smør her, men etter ein kjapp Oslotur sist veke kom eg på andre tankar. På hotellet der eg overnatta laga var der ein kokk ved frukostbuffeten som laga omelett medan vi venta. Ventetida vart nytta til matprat, og han kunne fortelle meg at han likte aller best å steiker omelett i soyaolje. Difor prøvde eg altså det, med svært godt resultat!

IMG_1980

Fordelen med å surre lett grønsakene før du legg dei på omeletten er at dei framstår som mindre rå, sjølvsagt, og eg meiner faktisk at smaken kjem mykje betre fram. Særleg gjeld det brokkolien og paprikaen.

IMG_1981 IMG_1986

Brett omeletten forsiktig i to og la den ligge og kose seg på panna medan du gjer klart resten av frukostbordet. Eg brukte ikkje tomat på denne omeletten (noko eg ofte gjer), men tomatane fekk sjølvsagt vere med som pynt og smaksforsterkarar til slutt!

IMG_1990 copy

Server omeletten på rykande (sjekk biletet!) ferske no knead-rundtstykker! Den superenkle oppskrifta finn du om du trykkjer her!

IMG_1995 copy

Denne frukosten gjekk rett inn i minneboka. Sjølv om store familiefrukostar er det beste vi veit, var det jammen godt å kunne setje seg ned to vaksne og prate om laust og fast og ete frukosten uforstyrra. Det føltest nesten litt rampete!!! I dag vart det forøvrig slik det skal vere; egg på bordet, svoltne ungar, god kaffi og god prat!

God søndag til alle!

PS! Legg deg gjerne til som medlem på sida mi ved å bruke lenkja i høgre marg på bloggen (merka “følgere”), eller bli medlem på kjøkkenbenken si Facebookside, den finn du ved å klikke her!

fredag 19. august 2011

“Noodle casserolle”

I dag vil eg presentere ein amerikansk rett som er lett å lage og som smakar utruleg godt. Retten heiter eigenteleg “Christmas Noodle Casserolle” og er ei av familieoppskriftene til Robin McGraw, kona til talkshow-kongen Dr. Phil!

Retten føyer seg fint inn i kategorien “comfort food”. Dette er rettar som gjerne har ein nostalgisk og sentimental verdi, som har mange smakar, er lette å ete for mange og som gjerne har ein litt mjuk konsistens. For å lese meir om “comfort food” kan du lese her (wikipedia.com). 

Denne oppskrifta passar til 5-6 personar.

For å lage denne retten treng du:

1 beger seterrømme

1 beger cottage cheese

1/2 løk, finhakka

1 dl smelta smør

1 ss worchester saus

6 “dæsjar” tabasco saus

1 1/2 ts salt

1 1/2 ts pepar

500 g eggnudlar

(PS! Til kvardags kan det hende det går an å bytte ut seterrømma med lettrømme. Då blir retten meir mager).

IMG_1866 copy

Slik gjer du det:

  • Kok nudlane etter tilvising på pakken
  • Ha smelta smør i ei steikjepanne og surr den finhakka løken til den vert mjuk og “gjennomsiktig”.
  • Tøm vatnet av dei ferdigkokte nudlane og ha nudlane i ein stor rørebolle.
  • Slå over den løk og smør, deretter dei øvrige ingrediensane. Det er berre å slå alt over!
  • Til slutt blandar du det heile godt og har det i ei eldfast form.
  • Set det i omnen på 225 grader i 30 minutt. Retten skal vere lett brun på toppen når den er ferdig. Pass på når det nærmar seg slutten av steikjetida slik at retten ikkje blir brent.

IMG_1865

Retten kan serverast på fleire måtar. Vi hadde ein fargerik salat som tilbehør, men eg ser for meg at den må passe godt som “side dish” både til kylling, grillmat og biff. Og kanskje endå meir???

Velbekomme!

tirsdag 16. august 2011

Dårleg tid = dårleg mat, eller…???

Kvardagane er over oss alle no. Folk flest har byrja i arbeid og tusenvis av ungar står klar til skulestart, fotballtreningar, korps, handball, korøving, speidar og mykje meir. Eg veit at mange heimar har dårleg med tid når kvardagen set inn. Men ein ting er sikkert; mat må ein ha likevel.

Det er ikkje alltid ein rekk å lage dei mest avanserte middagane. Av og til har ein berre 30 minutt til disposisjon til både å lage og konsumere maten. Då må ein vere kreativ. Og IKKJE ha dårleg samvit om det av og til blir litt “greinalaust”, som vi seier på Sunnmøre!

Det skal veldig lite til for å piffe opp ein heilt ordinær “nesten ferdig”-middag. Det smakar godt. Det går fort. Og ungane likar det!

IMG_1717

Eg laga ein slik testmiddag ein dag i forrige veke. Eg kjøpte ein pakke med krydra, spanske kjøtbollar (heilt vanlege går også fint!). Kjøtbollane vart fyrste steikt litt og varma i olje, deretter pøste eg på med chilisaus frå Filipinene. Liknande sausar har dei på dei fleste daglegvarebutikkar no, men om du kjøper i ein innvandrarbutikk får du dei mykje billegare og i mykje større flasker!

La kjøtbollane surre litt i chilisausen før du serverer dei over kokt pasta – kva som helst slags pasta – men gjerne fullkorn!

For å gjere det heile litt meir fargerikt og spennande kan ein kjøpe ferdig vaska og kutta salat, skjære opp nokre tomatar og elles det du har liggande i kjøleskapet eller for handa.

Det fine med denne middagen er at ungane kan hjelpe til med det meste av arbeidet, sjølv dei minste! På under 20 minutt har du “laga” god mat og fått dekt bordet, alle kan ete seg gode og mette for så å suse av garde til fritidsaktivitetar!

IMG_1862

Når alle i heimen er på arbeid eller på skule, kan ein ikkje forvente at alle middagar er like heimelaga, velduftande og flotte å sjå på. Men med enkle handletips og planlegging kan ein fikse næringsrik og god middag i ein fei!

Har du gode tips til korleis ein kan piffe opp ein heilt ordinær “kjøpt på butikken”-middag? Har du lure middagsplanleggingstips? Handletips?

I dei komande vekene skal eg prøve å kom med nokre god råd til korleis ein kan førebu seg for å lage middag i ein fei!

Kom gjerne med lure tips i kommentarfeltet!

søndag 14. august 2011

Aussie mess – ein australsk variant av ein engelsk klassikar!

Eton mess er ein engelsk dessert som stammar tilbake frå 1800-talet. Desserten sin opprinnelse er frå Eton University, der av namnet. Den klassiske varianten består av krem, jordbær og marengskaker. Grunnen til at den har fått namnet “mess”, er at desserten ser noko rotete ut når den blir servert.

Den australsek varianten har litt meir eksotisk frukt.

Til ein stor porsjon treng du:

To pakkar fløte, 1 dl sukker, 1 1/2 pakke pikekyss, to dl rips, to bananar og 2-4 pasjonsfrukter.

PS! Ripsa kan sløyfast, men eg hadde dei med fordi to skjønne jenter hadde plukka dei og fordi det gjorde seg med litt frisk farge og litt syrleg smak mot alt det søte! Kontrastar er viktig – også i mat!

IMG_1872 copy

Slik gjer du det:

Pisk fløte og sukker til krem. Skjære bananen i bitar og tilsett den i kremen. Rensk ripsbæra, skyll dei og tørk dei – og så puttar du dei i kremen!

IMG_1873 copy

Knus pikekyss og putt dei i kremen. Dersom du har eggekvite til overs er det sjølvsagt like godt å lage marengs sjølv! Bland det heile godt.

IMG_1876 copy

Server i det du måtte ha tilgjengeleg! For min del vart desserten servert i rause tekoppar! Del pasjonsfruktene i to og skrap innhaldet over desserten. Pynt med pikekyss – så mange du vil! Dersom desserten er til din hjartans kjær, så må sjølvsagt ekte pikekyss delast ut før servering!

IMG_1884

Tantegullet mitt var prøvekanin! 

tekst, eton mess

tirsdag 2. august 2011

“Peach Delight” – og draumen om eit ferskentre…

Av og til skulle eg ynskje eg budde i eit eksotisk land der eg kunne dyrke all slags frukt og grønt. Då skulle eg fyrst og fremst dyrke oliven, og så ville eg ha meg ein lund med ferskentre.

Og når ferskentrea bar moden frukt skulle eg plukke dei forsiktig og gå inn for å lage “Peach Delight”. Det er ei amerikansk dame som har inspirert meg til å lage denne enkle, men supergode desserten!

IMG_1357

Dette treng du:

  • ei korg med modne fersken (8-10 fersken)
  • 5-6 ss sukker
  • 1-2 ts vaniljesukker

Slik gjer du det:

Del kvar fersken i to (bruk god kniv og skjær rundt heile frukta). Vri frukta slik at du får ei halve med stein og ei halve utan stein. Ta godt tak med fingeren og pirk ut steinen.

Skjær frukta i passe bitar og legg dei i ei skål. Strø over sukker og vaniljesukker. Bruk ei skei og bland godt, slik at sukkeret legg seg utanpå frukta. Dekk til skåla og la stå på benken i ca 20 minutt.

IMG_1418 copy

Etter å ha kvilt seg litt på benken vil du sjå at sukkeret har laga som ein deilig fruktsirup. Rør forsiktig rundt og legg så i skåler. Pass på å få med litt fruktsirup på kvart fat. Pynt med ein kvast grønt, gjerne sitronmelisse.

Kan etast akkurat som den er, eller du kan nyte deilig vaniljeis til!

torsdag 21. juli 2011

Sommarleg appelsinsalat på 1–2–3

Ein dansk kokk inspirerte meg til å lage denne salaten. Appelsinsalat smakar godt til det meste, men aller best smakar den til all slags grilla mat og ulike fiskerettar.

Oppskrifta er enkel, smaken er sensasjonell og framgangsmåten grei å handtere for både store og små!

Du treng:

Hjertesalat (andre salatsortar kan òg brukast)

Ruccola

Appelsiner

Granateple-kjerner frå 1 granateple

Pinjekjerner

Appelsinsaft og olivenolje til dressing

IMG_0996

Slik gjer du det:

Legg ingrediensane i denne rekkjefølge lagvis på eit stort fat (ikkje i salatbolle). Først vanleg salat, deretter ruccola og til slutt appelsinene. Skjær først av begge endane slik at appelsina står stødig. Deretter må du skjære av alt skalet og så skjære passe skiver av appelsinen. legg appelsinene i fint mønster over salat og ruccola.

IMG_0998 copy

Nestemann ut i salaten er granateplekjernene. Del granateplet i to (tvers over), legg det på ei skjærefjøl med snittsida til eine sida og rull frukta att og fram. Då vil frøa losne og lande på fjøla. Det vil kanskje renne litt saft når du held på med dette, så då er det fint om du brukar ei fjøl med kant som samlar på all safta. Strø kjernene raust over appelsinene!

IMG_1003 copy

Siste mann ut er pinjekjernene. Rist dei lett i ei varm steikepanne – pass på så dei ikkje vert brende! Strø dei over salaten.

Tilsett dressing av appelsinsaft og olivenolje med pittelitt salt og grovkverna peppar. Alt dette må du ta på ein slump, eg har ikkje eksakte mål! Slå raust over salaten litt før servering!

Prikken over i’en med denne salaten er at du kan samle på all safta som kjem frå appelsinene og granateplet (kvar for seg eller blanda) og drikke det som må vere verdens sunnaste drikk! Og så kan restane av salaten nytast til kvelds – heilt åleine og utan følge på tallerkenen…

Til slutt eit lite tips til korleis du kan bruke salaten:

  • sjå for deg ein deilig sommarkveld med fin temperatur, lav kveldssol og blikkstille sjø
  • ta med deg fisketrode, lån deg ein robåt, ro så langt du orkar og kast ut snøret
  • nyt den fantastiske stilla som ein slik kveld kan by på
  • fisk akkurat lenge nok til ta du har nok fisk til familiemiddag neste dag – kryss fingrar for at du får sei!
  • gjer opp fisken og legg den kaldt til neste dag (skjær vekk beine og skinnet)
  • legg filètane i ein pose med mjøl, salt og pepar – vend forsiktig om til alle filètane er godt dekt
  • sprøsteik i godt smør
  • server med nypoteter, kvit saus, løksmør og appelsinsalat!

SOMMARMIDDAGEN HAR NEPPE SMAKT BETRE!

PS! Har du lyst å følge “På kjøkkenbenken” på Facebook??? Gå inn på denne lenkja og legg deg til!IMG_1090 copy

Lukke er å ligge på bryggekanten, trygt i bestemor sine armar, og kike på småfiskar, krabber og sjøstjerner. Kanskje blir det fisketur i morgon???