NB! Work in progress - bloggen endrar seg og veks seg til smått om senn.... Takk for at du tek turen innom!

fredag 14. januar 2011

KAKI - meir enn ein kjedeleg farge!

Eg har eit prosjekt på gong der eg kvar veke skal smake på frukt som eg aldri har smakt før. For ei stund sidan oppdaga eg ei gul frukt i fruktdisken som eg ikkje hadde smakt før.
Denne frukta heiter kaki og er absolutt å anbefale! Den kjem opprinneleg frå Japan, men har sidan spreidd seg til m.a. middelhavslanda. Smaken på fruktkjøtet er søt og mild! Frukta er godt eigna til å ete som den er, men eg har opplevd at den set prikken over i'en i ein fruktsalat! Det er mykje garvesyre i frukta, så dei som ikkje toler det så godt bør heller prøve frukta Sharon, som er ein kaki-variant utan garvesyre. Kanskje det freistar med ei spennande frukt i fruktskåla???

1 kommentar:

  1. Då lærte eg noko nytt i dag og! Eg har trudd det var same frukta. No er eg usikker på om eg har smakt kaki. Sharonfrukt er godt, men ho vert lett brun til kakepynt t.d så ho treng vel å vere i lake.

    SvarSlett