Denne oppskrifta er det mor mi som har gitt meg. Vi fekk retten servert med henne 1. nyttårsdag, og det var nydeleg godt! Både store og små åt til vi nesten rulla av stolane! Hemmelegheita i denne oppskrifta er alle dei gode smakane som passar så godt i lag med svinekjøt.
Dette treng du:
1-2 sellerirot
4-5 gulrøter
4-5 sjalottløk (eller 2 vanlege løkar)
Soltørka tomat, så mykje som du vil
4 fekk kvitløk
1 søtpaprika
2 lime
Ca 7 dl god kraft/buljong (skal dekke grønsakene og halvvegs kjøtet)
Tynnribbe eller familieribbe av svin
Salt, pepar og tørka basilikum
225 grader i 1 time og 125 grader i 1 1/2 (total steikjetid: 2 1/2 time)
Slik gjer du det:
Del opp grønsakene i rause bitar. Legg dei i form/langpanne. Krydre litt med salt, pepar og basilikum.
Eg hadde ikkje soltørka tomat og brukte difor litt hermetisk tomat som hadde fått renne av seg krafta.
Så tek du kjøtet du har tilgjengeleg og skjær ut alt du klarer av bein. Dersom det vert mykje kjøt att på beina som du skjær vekk, så gjer det ingenting. Beina går også i forma og blir steikt i lag med det andre. Det er alltids nokon som vert glade for å få gnage bein!!!
Del kjøtet opp i serveringsbitar og legg det over grønsakene i forma.
Del lime i to og press over safta. Eg hadde ikkje lime og måtte ty til sitron (som eg stort sett alltid har tilgjengeleg på kjøkkenet). Vil likevel anbefale lime, då det gir ein meir krydra og markant smak.
Til slutt slår du over krafta og krydrar godt kjøtet. Eg brukte salt og pepar som basiskrydder, i tillegg har eg eit krydder som inneheld diverse urter og soltørka tomat.
Slik steikjer du kjøtet:
Dekk forma med aluminiumsfolie og set i omnen på 225 grader. Steik i ein time. Eter ein time tek du av folien og skrur ned omnen til 125 grader. Steik i 1 1/2 time. Til slutt skrur du temperaturen opp til 250 grader og set på varmluft slik at svoren vert sprø og god.
Det einaste tilbehøret du treng er poteter – resten har du i forma! Då eg smakte dette med mamma fekk vi servert heimelaga potetstappe til. Det var også nydeleg godt!
Det fine med denne retten er at den stort sett lagar seg sjølv. Du må rett nok ordne med grønsakene som skal i forma, men deretter er det berre å passe temperaturen i steikeomnen. Dersom du ikkje har svineribbe og likevel vil prøve denne retten, så kan du også bruke svinekotelettar. Framgangsmåten er akkurat den same!
Det er ingenting som er kjekkare enn når ungane et seg gode og mette! I dag var det tome fat med alle tre – det likar eg godt! Endåtil minstesnuppa på tre åt seg ein raus porsjon (i tillegg til å gnage godt av beina…). Dersom du ser godt etter på nokre av bileta, legg du merke til småfingrane hennar! Ho er alltid med på kjøkkenbenken når eg lagar mat! No er ho tre og eit halvt år og har allereie tre år bak seg som min gode hjelpar på kjøkkenet! Før ho klarte å sitje sjølv, hadde eg henne på hofta mi. Etter det fekk ho sitje på kjøkkenbenken. Ho klarte å klatre opp på benken lenge før ho gjekk sjølv… Det er kjekt når ungane er med på å lage maten!
kor koselig Tove -- og gjett om eg skal lage noe lignenede snart da ;)
SvarSlettklemma fra monika