NB! Work in progress - bloggen endrar seg og veks seg til smått om senn.... Takk for at du tek turen innom!

mandag 25. april 2011

Har du ei oppskrift til meg???

Basilikum er ein av dei beste sommarsmakane eg veit om. Stort sett brukar eg basilikum til pesto, eller som pynt på smørbrød eller i salatar.

IMG_7918

I år har eg bestemt meg for å utvide horisonten min litt. Eg treng difor hjelp frå lesarane som vitjar kjøkkenbenken min! Har du ei god oppskrift der basilikum spelar hovudrolla??? Eller ei oppskrift der basilikum set prikken over i’en?

IMG_7921

Har du ei oppskrift på ein dessert, der basilikum er meir enn berre pynt på toppen eller ein viktig del av det visuelle heilskapsinntrykket?

IMG_7922

Det er superenkelt å så sin eigen basilikum! Eg er godt i gong med Jamie Oliver sine små potter som er å få kjøpt på Plantasjen. Det er sjølvsagt mykje billegare å kjøpe frø og så i mold på vanleg vis, men eg er så glad i å prøve noko nytt! Eg har allereie smakt på dei små, uferdige basilikumblada – det var svært godt!

Dersom du har ei god oppskrift til meg, kan du anten leggje den att i kommentarfeltet her på bloggen, sende den på e-post til tovehd(alfakrøll)hotmail.com eller på facebooksida til “På kjøkkenbenken” (her må du gjerne vert medlem!).

Eg blir veldig glad for alle bidrag!!!

mandag 18. april 2011

Laks a`la Else Marie!

Syskenbarnet mitt har vorte ein skikkeleg gourmetkokk. Fredag var vi ein gjeng klubbdamer som var heime hos henne, og kvelden vart ein suksess!

Ho serverte tre rettars middag med fem ulike sortar kvitvin til. Hovudretten var laks med soltørka tomat, fetaost og creme fraiche. Eg måtte sjølvsagt prøve meg på dette og serverte det til familien i dag.

IMG_7676 

Til fire vaksne personar treng du:

  • 1 kg skinn- og beinfri laks
  • Fetaost i terningar
  • soltørka tomat, skjær i strimlar
  • 1-2 beger creme fraiche
  • Salt og pepar

Slik gjer du det:

Legg laksebitane i ei eldfast form. Strø over godt med salt og grovkverna pepar. Strø over fetaost og soltørka tomat.

IMG_7677 IMG_7682

Bruk ei spiseskei og fordel creme fraiche over dei øvrige ingrediensane.

Set retten i ovnen på 225 grader og la det steikje i 25-30 minutt.

IMG_7690

Server med poteter og smørdampa grønsaker. Bruk gjerne ei fersk wokblanding. Grønsaken skal vere akkurat passe møre. Steik dei i smør til dei vert mjuke og gylne.

søndag 17. april 2011

No need for “Hatting” when you have “No knead”!

Dersom du vil overraske familien med supergode rundstykkar i morgon tidleg, kan du prøve denne oppskrifta på verdens enklaste og absolutt BESTE rundstykker! Du treng slettes ikkje å kjøpe “Hatting” i frysedisken!

Hemmelegheita er lang hevetid, få ingrediensar og lite arbeid med deigen. For å lage dei treng du:

  • 500 g kveitemjøl
  • 1 1/2 ts salt
  • 1/4 ts tørrgjær
  • 4 dl kaldt vatn

Dersom du vil pynte dei litt kan du bruke: raspa ost, valmuefrø, kruskakli, havregryn eller andre ting du likar godt!

Bland først det tørre og tilsett så det kalde vatnet. Rør godt med ei spiseskei til alt mjølet er blanda med vatnet. Den skal vere klissete. La den stå på benken til neste morgon. Deigen blir superglad om den får heve på kjøkkenbenken i 12 timar – heilt til neste morgon!

IMG_7657

Neste morgon står du opp før alle andre og går på kjøkkenet for å setje steikeomnen på 225 grader. Deretter dekkjer du to bakeplater med bakepapir og leitar fram deigen du sette i går. Bruk ei skei og set 12 rundstykker fordelt på to bakeplater. Det treng slettes ikkje å sjå fint ut – dei blir gode uansett. Eg dryssa over litt raspa ost før steiking. Steik dei i omlag 15 minutt, eller så lenge dei treng for å vert gylne og fine.

IMG_7671

Har du sett noko så deilig??? Ungane meinte det var verdens beste rundstykker og eg må seie meg samd med dei i det! Og så er det så utruleg enkelt å lage dei. Eg har ei ny deig på benken i kveld. Denne gongen bytta eg ute noko av kveitemjølet med kruskakli. Så lenge du held deg til 500 g med mjøl, så kan du i grunnen blande det mjølet du vil!

Det er skjønne Ina med bloggen “Mat på bordet” som er “No knead”-dronninga i blogglandia, og det var hos henne eg fann denne oppskrifta.

lørdag 2. april 2011

Lynkjapp laurdagslunsj!

Eg har aldri i mitt liv brukt ansjos i matlaginga. Til nøds har eg hatt det på kokt egg, men då godt kamuflert med saftige og søte tomatar. Eg blir likevel inspirert av kokkar som brukar ansjos ofte, og Rachael Ray er ein av dei kokkane.

Denne retten er superenkel å lage. Ingrediensane er få, smaken er stor og du vil garantert la deg overraske!

IMG_7065

Til to personar treng du dette:

1-2 boksar ansjos, ei boks hermetiske tomatar, 1/2 løk, 2 fedd kvitløk, salt, pepar, ei lita klype sukker og spaghetti.

Dersom dette er fyrste gongen du brukar ansjos i matlaginga, vil du la deg overraske av det som skjer når ansjosen blir lagt i god olje på steikepanna; den smeltar!!!

IMG_7064

Slik gjer du det:

  • Legg ansjosen i ei god og varm steikjepanne med olje. Hald ansjosen i bevegelse i panna. Den vil no “smelte”.
  • Ha løk i panna i lag med ansjosen. La det heile surre til løken er mjuk og gyllen.
  • Tilsett dei hermetiske tomatane og smak til med salt, pepar og ei lita klype sukker.
IMG_7071
  • La blandinga surre på svak varme medan du kokar spaghettien til al dente.
  • Slå tomat- og ansjonsblandinga over nykokt spaghetti og server!

IMG_7075

Denne retten har vorte ein lunsjfavoritt her i huset. Ungane likar det også! Det fine er at det går kjapt å lage og dei fleste ingrediensane har eg stort sett i hus.

“Intet menneske er ensomt

når det spiser spaghetti!”

-Robert Marley-