NB! Work in progress - bloggen endrar seg og veks seg til smått om senn.... Takk for at du tek turen innom!

søndag 28. august 2011

Matpakkerundstykker med raspa brunost

Av og til blir ungane rett og slett lei brødskiver i matpakken. I dag baka eg difor grove matpakkerundstykker med raspa brunost. Eg brukte ei heilt vanleg oppskrift på grove rundstykker, og så tilsette eg raspa brunost. Dersom du har ei favorittoppskrift kan du sjølvsagt bruke den, eller så kan du lage denne:

6 dl sammalt kveite

6 dl kveitemjøl

50 g gjær

1/2 ts salt

5 dl vatn

2 ss olje

Raspa brunost

IMG_2267 copy

Bruk denne oppskrifta som utgangspunkt, og så kan du tilsette det du likar. I dag hadde eg i litt linfrø. Bland alle dei tørre ingrediensane i lag med gjær og salt. Rasp kjøleskapskald brunost med eit fint rivjern. Ta så mykje brunost som du vil.

IMG_2272

Tilsett passe temperert vatn og olje. Bruk kjøkkenmaskin og elt deigen godt. Det blir best resultat om du eltar deigen i om lag sju minutt. Eg har ei gammal kjøkkenmaskin som eg har arva etter farmor. Den er sikkert meir enn 30 år gammal. Visse ting tyder på at den kanskje har tenkt å pensjonere seg snart, så om nokon har veldig lyst å sponse meg med ei flunkande ny Kitchen Aid, så er det sjølvsagt høve til det, he, he!!!

Etter at deigen er elta godt, dekkjer du bakebollen med plast eller lokk. Hev til dobbel storleik. Trill ut rundstykka og hev på nytt. Steik på 250 grader i ca 12 minutt. Sjekk undervegs slik at dei ikkje blir brent. Dersom du treng meir tid, så gir du dei 1-2 minutt til.

IMG_2275 copy

Etter at rundstykka hadde kjølt seg ned litt, sprang eg bort til tantegulla med litt fersk bakst. Så smurte vi rundstykka og gjekk ut for å ete.

IMG_2279

Det er fyrste gongen eg bakar rundstykker med brunost i deigen, og var sjølvsagt spent på resultatet… Ungane skrytte uhemma av baksten og åt masse! Dei vart veldig saftige og gode!

IMG_2289

Det var så utruleg deilig å vere ute i kveld. Noko av sommaren vi ikkje fekk i juni og juli, glimta til no siste dagane. Minstemor pynta på fjøla si med ein margeritt! Og midt i alt mjølkesølet låg den der og lokka på sommarkjenslene! Trefjølene er ei gåve frå mamma. Det er veldig praktisk å ete av desse i staden for å bruke fat – særleg når ein er ute!

IMG_2298 copy

Ynskjer alle mine lesarar ei god veke med mykje godt på menyen! Kanskje bakar du brunostrundstykker og puttar i matboksa???

(PS! Midt i fotoseansen vart det litt for mange hender som skulle hjelpe til, noko som enda med at mjøkeglaset fekk seg ein dytt og mjølka skvulpa over. Men jammen vart det ein fin effekt på bileta! Aldri så gale at det ikkje er godt for noko, hi, hi!)

PS! Vil du følge livet på kjøkkenbenken min på FB, så klikkar du berre her og legg deg til!

1 kommentar:

  1. Dette er et fantastisk innlegg. Veldig informativt og kreativt innhold. Dette konseptet er en god måte å øke kunnskapen på. Jeg liker det, og det hjelper meg veldig godt. Takk for denne korte forklaringen om benkeplate kjøkken.

    SvarSlett