Av og til skulle eg ynskje eg budde i eit eksotisk land der eg kunne dyrke all slags frukt og grønt. Då skulle eg fyrst og fremst dyrke oliven, og så ville eg ha meg ein lund med ferskentre.
Og når ferskentrea bar moden frukt skulle eg plukke dei forsiktig og gå inn for å lage “Peach Delight”. Det er ei amerikansk dame som har inspirert meg til å lage denne enkle, men supergode desserten!
Dette treng du:
- ei korg med modne fersken (8-10 fersken)
- 5-6 ss sukker
- 1-2 ts vaniljesukker
Slik gjer du det:
Del kvar fersken i to (bruk god kniv og skjær rundt heile frukta). Vri frukta slik at du får ei halve med stein og ei halve utan stein. Ta godt tak med fingeren og pirk ut steinen.
Skjær frukta i passe bitar og legg dei i ei skål. Strø over sukker og vaniljesukker. Bruk ei skei og bland godt, slik at sukkeret legg seg utanpå frukta. Dekk til skåla og la stå på benken i ca 20 minutt.
Etter å ha kvilt seg litt på benken vil du sjå at sukkeret har laga som ein deilig fruktsirup. Rør forsiktig rundt og legg så i skåler. Pass på å få med litt fruktsirup på kvart fat. Pynt med ein kvast grønt, gjerne sitronmelisse.
Kan etast akkurat som den er, eller du kan nyte deilig vaniljeis til!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar