NB! Work in progress - bloggen endrar seg og veks seg til smått om senn.... Takk for at du tek turen innom!

tirsdag 18. januar 2011

Pannacotta med youghurt og sorbet med lime/banan

Desse to dessertane kan etast kvar for seg eller kombinerast.

Pannacotta med youghurt

2 dl mjølk

5 dl fløyte

1 liter youghurt

6 plater gelatin

3 dl sukker

1 vaniljestang

2-4 laurbærblad

limebanan

Legg gelantinplatne i bløyt  i kaldt vatn. Kok opp mjølk, fløyte, sukker, vaniljestang og laurbærblad. Ta panna av plata når det har kokt opp og la stå og trekke i 10 minutt. Kok opp på nytt etter 10 minutt. Knip ut alt vatnet i gelantinplatene og rør dei inn i den varme blandinga.

limebanan1

Digresjon: Å bruke laurbærblad i ein dessert verkar kanskje noko rart! Dette var eit av “kokkeknepa” som stod i oppskrifta, så då måtte eg sjølvsagt prøve. Medan det kokte kunne eg kjenne den distinkte lukta av laurbær og det gav ein heilt eigen smak på desserten!Digresjon slutt.

limebanan2

Tom youghurten over i ein bolle. Bruk matyoughurt eller vanleg youghurt som har fått renne av seg “vatnet”. Eg brukte vanleg vaniljeyoughurt uten at den fekk renne av seg “vatnet”, noko som gjorde at desserten min ikkje vart stiv nok. Slå den varme væska gjennom ei sil, rør heile tida for å unngå klumpar og slik at desserten vert glatt og fin.

Hell blandinga i ei stor skål eller porsjonsskål. Denne pannacottaen vert ikkje så stiv som vanleg pannacotta. Dekk med plast og set til kjøling.

Sorbet med banan og lime

Denne desserten er superenkel å lage!

healthy green lime fruit banan1

Du treng:

2 dl vatn

100 g sukker

saft av to lime (press godt ut all saft)

2 bananar

Kok opp vatn og sukker. Avkjøl litt og ha i banan i bitar og limesafta, køyr blandinga i ein blender/smoothiesmaskin. Ha alt i ei skål og set den i frysaren. Sjekk sorbeten med jamne mellomrom. Når den er litt frossen raspar du den godt opp med ein gaffal og rører godt. Set den tilbake i frysen. Gjer dette gjerne ein gong til før du serverer.

Server som ei ultrafrisk avslutning på eit tungt måltid, eller i lag med pannacottaen slik vi gjorde.

limebanan3

Ikkje la fargen på sorbeten lure deg… Den ser litt trist og fargelaus ut, men du verden for ein fantastisk smak!!! Sjølv om ungane meinte det såg ut som bleik rabbestappe, måtte dei innrømme at dette smakte eventyrleg!

limebanan5

Minikokken dekorerte desserten på sin eigen måte, og var velig oppteken av at den skulle ver fargerik og fin! Pannacottaen var meir flytande enn fast, men smakte fortreffeleg i lag med sorbeten!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar