NB! Work in progress - bloggen endrar seg og veks seg til smått om senn.... Takk for at du tek turen innom!

Viser innlegg med etiketten Middag - kjøt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Middag - kjøt. Vis alle innlegg

onsdag 7. september 2011

Verdens beste kjøtbollar!

Å lage kjøtbollar er noko av det kjekkaste jentene mine veit! Oppskrifta består stort sett av det ein til ei kvar tid måtte ha i kjøleskapet, så her er det rom for store variasjonar! Det eg foreslår her er ei basic-oppskrift, med tips til nokre ingrediensar som kan piffe opp bollane litt! Etter å ha smakt desse, kjem du nok neppe til å kjøpe ferdige kjøtbollar igjen...

kjøttbollar

Dette treng du for å lage ein raus familieporsjon:

To pk familiedeig (vi meiner bollane blir best når ein brukar deig med svinekjøt), flatblada persille (vanl. persille går også), kvitløk (gjerne tre fedd), 1/4 ts salt, svart pepar, 2-3 ss worchestershire-saus (el. anna saus du måtte like: tabasco, søt chili m.m. - ta det du evt. måtte ha), 1-2 ss sitronsaft (el. 1 ss sitronsaft+1ss raspa sitronskal).

Dette er grunnoppskrifta vår! For å piffe den opp litt brukar vi i tillegg hakka fetaost og hakka oliven. Du kan sjølvsagt ha i hakka løk, paprika, ulike krydderurter - eigentleg alt du har lyst på! Som du ser har ikkje eg med egg i oppskrifta. Dels fordi guten vår har eggeallergi, dels fordi eg meiner det ikkje er nødvendig. Men ha gjerne i eit egg om du ynskjer det! Bruk dei ingrediensane du har lyst til!

Slik gjer du det:

Framgangsmåten er særs enkel! Bland alt i ein stor bolle - bruk fingrane. Kna godt - men ikkje for lenge, pass på at alt er godt blanda. Lag små bollar, bruk hendene. La gjerne ungane gjere denne jobben, dei har lettast for å få bollane små nok. Bør ikkje vere større enn ei STOR klinkekule. Steik dei i ei blanding av margarin og god olivenolje. Ikkje steik dei ihèl! Pass på at alle har fin farge og steikeskorpe, legg dei deretter i ei eldfast form og ha dei ei stund i steikeomnen (ca. 200 grader, 15 minutt).


Korleis et ein dette?
Sidan dette er kjøtbollar med mykje smak, er det ikkje nødvendig med sterk saus til. Vi brukar bandspaghetti (el. anna spaghetti, helst fersk) og ein god salat med masse små, søte babytomatar. I tillegg kan det vere godt å koke inn fløte med godt krydder og litt salt, som du slår over spaghettien når den er ferdig. Meir treng du ikkje!
Dette er ei av favorittoppskriftene våre! Kjøtbollane smakar kjempegodt, er enkle å lage og supert for ungane å få hjelpe til med. Når eg lagar mat synest eg det er kjekt om eg klarar å lure inn ein "special touch", eller ein hemmeleg ingrediens, som Ida kallar det. I denne oppskrifta vil det nok vere sitronen som tilfører det vesle ekstra! Då er det berre å sette igong!

fredag 4. februar 2011

Kjøtdeig og pasta i form.

I dag vil eg dele ei enkel og grei oppskrift som høver seg godt som helgakos. Nokre oppskrifter er så enkle at dei lette å spreie på folkemunne. Eg fekk oppskrifta med ein god kollega, som fekk den med frisøren sin, som fekk den med…… – ja, du skjønar!

Til seks personar treng du:

2 pakkar kjøtdeig el karbonadedeig

Bandspaghetti (så mykje som du trur du treng)

1 beger krydderost

Krydder etter eige ynskje (det kan godt vere tacokrydder)

Raspa kvitost

Ingrediensar til ein raus og god salat

kjøtdeig

Slik gjer du det:

Kok spaghettien, sil av vatnet, ha spaghettien tilbake i panna og legg over kremosten. La den ligge der og smelte.

Så steikjer du kjøtdeigen og smakar til med krydder etter eige ynskje.

kjøtdeig1

Legg spaghettien i botnen på ei eldfast form, slå kjøtdeigblandinga over og strø ost på toppen. Kvern over litt pepar.

Steik i ovnene på 200 grader i omlag 20 minutt. Sjekk med jamne mellomrom. Osten skal smelte, men ikkje vere for brun.

kjøtdeig2

Lag ein god salat medan retten står i omnen. I dag brukte eg paprika, agurk, tomat, minihjertekål, ruccola, raud løk, fetaost og marinerte kvitløksbåtar.

kjøtdeig6

Ruccola gir ein herleg, krydra smak til salaten!

Eit lite tips: legg opp salaten på eit stort fat, i ei paiform eller liknande. Av ein eller annan grunn ser salat meir delikat ut når det blir servert “flatt” i staden for i ein bolle!

kjøtdeig3

Alle salatar her i huset inneheld oliven. Ikkje kva som helst slags oliven, men oliven med stein som ligg i olje. Det er treåringen som bestemmer dette! Ho elskar nemleg oliven! Før eg rakk å lage ferdig salaten i dag hadde ho klart å ete mange oliven. Då eg spurte kor mange ho hadde ete sa ho at ho trengte ein oliven til kvar finger! Altså ti oliven!!!

kjøtdeig4

Salaten er eit naturleg følge til denne retten, men kan like gjerne nytast åleine!

kjøtdeig5

Ha ein flott fredagskveld, alle!

lørdag 22. januar 2011

Greskinspirerte kjøttbollar med ein touch av Jack Daniels!

Så lenge maten smakar godt og ingrediensane ikkje øydelegg for kvarandre, så meiner eg det må vere lov å mikse ulike smakar og ulike mattradisjonar!Kjøttbollane eg har laga i dag blandar det greske og det amerikanske kjøkkenet. Og resultatet; nydeleg…

kjøttbollar

Dette treng du:

2 pakkar mager svinekjøttdeig

3-4 ss fetaost (eller så mykje som du vil!)

2 fedd kvitløk

1-2 ss soltørka tomat

salt og pepar

ca 1 urter etter eige ynskje (eg bruker kverna Toscanakrydder)

2 rause ss Jack Daniels-saus

1 ss soyasaus

smør eller olje til steiking

Framgangsmåten er svært enkel og kjekk:

♥ Putt alt i ein stor bolle og bland godt, bruk hendene!

♥ Form små kjøttbollar med hendene og steik dei. Det er nok deig til at du må steikje i to runder.

♥ La bollane steikje til dei har fått ei delikat og brun steikjeskorpe.

♥ Set kjøttbollane i steikjeomnen (200 grader i om lag 10 minutt) medan du ordnar med tilbehøret. Bruk ei eldfast form eller set inn steikjepanna (dersom handtaket kan takast av).

kjøttbollar1

Det er mykje tilbehør som er godt til denne retten:

♥ God pasta

♥ Heimelaga potetstappe

♥ Ovnsbakte poteter

♥ Fargerik salat med søte tomatar

…og sjølvsagt:

Jack Daniels-saus (den kan du sjølvsagt lage sjølv, men velassorterte daglegvareforretningar har god saus på flaske).

søndag 9. januar 2011

Spanskinspirert svineribbe

Denne oppskrifta er det mor mi som har gitt meg. Vi fekk retten servert med henne 1. nyttårsdag, og det var nydeleg godt! Både store og små åt til vi nesten rulla av stolane! Hemmelegheita i denne oppskrifta er alle dei gode smakane som passar så godt i lag med svinekjøt.

IMG_6413

Dette treng du:

1-2 sellerirot

4-5 gulrøter

4-5 sjalottløk (eller 2 vanlege løkar)

Soltørka tomat, så mykje som du vil

4 fekk kvitløk

1 søtpaprika

2 lime

Ca 7 dl god kraft/buljong (skal dekke grønsakene og halvvegs kjøtet)

Tynnribbe eller familieribbe av svin

Salt, pepar og tørka basilikum

225 grader i 1 time og 125 grader i 1 1/2 (total steikjetid: 2 1/2 time)

Slik gjer du det:

Del opp grønsakene i rause bitar. Legg dei i form/langpanne. Krydre litt med salt, pepar og basilikum.

IMG_6415

Eg hadde ikkje soltørka tomat og brukte difor litt hermetisk tomat som hadde fått renne av seg krafta.

IMG_6416

Så tek du kjøtet du har tilgjengeleg og skjær ut alt du klarer av bein. Dersom det vert mykje kjøt att på beina som du skjær vekk, så gjer det ingenting. Beina går også i forma og blir steikt i lag med det andre. Det er alltids nokon som vert glade for å få gnage bein!!!

IMG_6417

Del kjøtet opp i serveringsbitar og legg det over grønsakene i forma.

IMG_6418

Del lime i to og press over safta. Eg hadde ikkje lime og måtte ty til sitron (som eg stort sett alltid har tilgjengeleg på kjøkkenet). Vil likevel anbefale lime, då det gir ein meir krydra og markant smak.

IMG_6421

Til slutt slår du over krafta og krydrar godt kjøtet. Eg brukte salt og pepar som basiskrydder, i tillegg har eg eit krydder som inneheld diverse urter og soltørka tomat.

Slik steikjer du kjøtet:

Dekk forma med aluminiumsfolie og set i omnen på 225 grader. Steik i ein time. Eter ein time tek du av folien og skrur ned omnen til 125 grader. Steik i 1 1/2 time. Til slutt skrur du temperaturen opp til 250 grader og set på varmluft slik at svoren vert sprø og god.

IMG_6423

Det einaste tilbehøret du treng er poteter – resten har du i forma! Då eg smakte dette med mamma fekk vi servert heimelaga potetstappe til. Det var også nydeleg godt!

Det fine med denne retten er at den stort sett lagar seg sjølv. Du må rett nok ordne med grønsakene som skal i forma, men deretter er det berre å passe temperaturen i steikeomnen. Dersom du ikkje har svineribbe og likevel vil prøve denne retten, så kan du også bruke svinekotelettar. Framgangsmåten er akkurat den same!

IMG_6429

Det er ingenting som er kjekkare enn når ungane et seg gode og mette! I dag var det tome fat med alle tre – det likar eg godt! Endåtil minstesnuppa på tre åt seg ein raus porsjon (i tillegg til å gnage godt av beina…). Dersom du ser godt etter på nokre av bileta, legg du merke til småfingrane hennar! Ho er alltid med på kjøkkenbenken når eg lagar mat! No er ho tre og eit halvt år og har allereie tre år bak seg som min gode hjelpar på kjøkkenet! Før ho klarte å sitje sjølv, hadde eg henne på hofta mi. Etter det fekk ho sitje på kjøkkenbenken. Ho klarte å klatre opp på benken lenge før ho gjekk sjølv… Det er kjekt når ungane er med på å lage maten!