NB! Work in progress - bloggen endrar seg og veks seg til smått om senn.... Takk for at du tek turen innom!

Viser innlegg med etiketten Middag - kylling. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Middag - kylling. Vis alle innlegg

søndag 6. februar 2011

Sytalaus sitronkylling!

På Sunnmøre har vi eit uttrykk som heiter “sytalaust”. Vi brukar det om noko vi ikkje treng å bekymre oss så mykje for, eller bruke for mykje energi på. Sytalaus kylling er difor middagsrett du ikkje treng å jobbe så mykje med og som ikkje krev så mykje arbeid.

Lemon chicken vert laga mange stadar i verda, men for meg er den retten noko eg forbind med USA. Då eg jobbe i Carlifornia hadde vi ofte lemon chicken til middag eller vi bestilte det på restaurant når vi var ute og åt. Min variant i dag er inspirert av ei oppskrift i “Familiekokeboka”, som eg presenterte i eit anna innlegg (du kan lese om kokeboka her).

kylling

Hovudingrediensen i denne retten er sjølvsagt kylling, men eg tør å påstå at det er sitronen som spelar hovudrolla!

For å lage retten treng du:

♥ 4-6 kyllingfiletar eller ein rå kylling som du deler i høvelege bitar

♥ 2 sitron

♥ salt og pepar

♥ 2 ss sirup

♥ olivenolje til å smøre forma

♥ ei eldfast form

♥ sitronpresse

 

Slik gjer du det:

Set omnen på 200 grader. Smør ei eldfast form med olivenolje. Krydre begge sider av kyllingfilètane med salt og pepar. Eg brukte sitronpepar. Set forma i omnen og la kyllingen steikje i 30 minutt.

Medan kyllingen steikjer raspar du skalet av dei to sitronane. Deretter skvisar du all safta ut av sitronane. Ha skal og saft i ein liten bolle og tilsett sirupen. Rør godt og la stå til kyllingen har steikt ferdig.

Etter 30 minutt tek du ut kyllingen og auser sitron/sirup-blandinga over filètane. Set tilbake i omnen og steik 10-15 minutt til. Du kan opne ovnsdøra nokre gongar og ause krafta over kyllingen.

kylling1

Kyllingen er så utruleg smakfull at du ikkje treng så krevjande tilbehør. Lag ein enkel, men raus tomatsalat til denne retten. Då treng du:

♥ Tomatar som du kan skjære i små bitar

♥ Agurk i terningar

♥ Paprika i bitar

♥ Raud løk i små bitar

♥ Marinerte kvitløksbåtar

♥ Litt olivenolje og balsamicoeddik (du kan gjerne bruke oljen som kvitløksbåtane ligg i)

Tilsett litt salt (gjerne Maldonsalt) og ein liiita klype sukker.

Retten smakar godt med ris eller couscous til.

kylling2

Eg har erfart at det ikkje er alle som likar så godt det raspa sitronskalet som ligg på toppen av kyllingen. Det kan kvar einskild sjølvsagt skrape av, eller så treng du ikkje å bruke så mykje skal i blandinga.

PS! Den herlege mixen av sitronsaft, sitronskal og sirup smakar nyyydeleg på vaniljeis! Pass då på at du ikkje brukar altfor mykje sitronsaft slik at det vert altfor rennannde. Legg vaniljeis i ei skål, strø over ferske jordbær og slå over litt av sitronblandinga. Då har du ein super dessert!

søndag 30. januar 2011

Sticky chicken!

Etter at eg har starta med matblogging, har mange spurt om eg ikkje kan dele ymse oppskrifter. Syster mi har bestilt ei oppskrift på “Sticky chicken”. Den har tidlegare vore publisert på den andre bloggen min, men kjem i reprise her.

Matrettar av kylling er noko av det som er kjekkast å lage og som smakar best. Det er eit utal ingrediensar som let seg kombinere med kylling, og resultatet blir stort sett bra uansett korleis ein miksar og blandar.

Denne retten er USA-inspirert, og kan lagast med ulike ingrediensar. Men du ha med ein eller fleire ingrediensar som gir det klissete og søte sluttresultatet. Ein god og smakfull marinade er den store løyndomen med denne oppskrifta.

Dette treng du:

  • kylling i ulike bitar eller rå kylling som du deler opp i små, høvelege stykker. Nokre er krydra/marinerte frå før, dei brukar eg å legge i kaldevatn slik at krydderet vert vaska vekk. Det passar ikkje ilag med marinaden eg brukar. Dersom du kjøper frosne lår/vingar, må dei vere godt tint før du har på dei marinaden.

Til marinaden treng du:

  • 2-3 dl søt chilisaus
  • 1-2 dl søt soyasaus (helst Kecap Manis, det får du på Eurospar)
  • 5 ss flytande honning
  • litt salt
  • litt kyllingkrydder
  • 2 lime
  • 1 sitron (skal skal raspast over kyllingen før servering)
  • CA 2 dl god olivenolje
  • 3 ss sirup

Slik gjer du det:

Bland alle ingrediensane til marinaden. Du må raspe skalet av limen (finraspa) og skivse i all safta. Eg gjer merksam på at eg stort sett lagar denne marinaden på slump og har aldri tenkt særleg over kor mykje eg har brukt av dei ulike ingrediensane.

Slå blandinga over kyllingbitane og la det stå og marinere på kjøkkenbenken i 1-2 timar (alt etter kor god tid du har!).

sticky chicken

Slå det heile over i ei langpanne og steik på 200 grader i ca 1 time. Då er all krafta frå marinaden kokt inn, og ligg som eit klissete lag rundt kyllingen. Dersom du synest det er mykje marinade att i langpanna, så er det berre å steikje det litt til, gjerne på varmluft. Rasp over sitronskal før servering. Dette er mat som må etast med fingrane, og då er våtserviettar obligatorisk på bordet!

sticky chicken1

Ovnssteikte poteter er supert følge til denne retten. Dersom ein berre har ein steikjeovn, kan det kanskje vere litt utfordrande å servere slike poteter som tilbehør. Eg flyttar kyllingen nederst i omnen etter ein halvtime og så set eg inn potetene. Då slår eg på varmlufta og aukar temperaturen litt.

ENJOY!

søndag 16. januar 2011

Heilsteikt kylling med 40 kvitløksfedd

Kanskje sperrar du opp augene når du les at denne retten inneheld 40 kvitløksfedd! Eg laga denne retten i dag, og brukte endåtil meir enn 40 fedd!!! Du skal ikkje fjerne alt skalet på kvitløken, berre det som naturleg løsnar når du styrer med dei.

Dette treng du:

1 heil, stor kylling

40 kvitløksfedd

50 g smør (til steiking)

1 liten neve fersk salvie (valfritt)

2-3 sitronar

salt og pepar

400 g gulrøter

ca 300 g sellerirot

salt og pepar

olje

IMG_6542

Gni kyllingen med salt og pepar, også på innsida! Del ein sitron i to halver og putt inn i kyllingen.Dersom du vil bruke salvie (tørr eller fersk), så puttar du det også inn i kyllingen.

IMG_6549

Brun kyllingen i ei steikepanne så godt det let seg gjere. Pass på å få steikeskorpe på alle sider.

IMG_6543

Medan kyllingen steikjer på panna legg du alle kvitløksbåtena i ei eldfast form eller lita langpanne i lag med sitronar som du har delt i to.

IMG_6553

Legg den ferdig bruna kyllingen på toppen av sitronane og kvitløksbåtane. Sett det heile i steikeomnen på 150 grader i 1 1/2 time. På min omn kunne eg med fordel skrudd opp temperaturen til 170 grader, du får prøve deg litt fram og evt skru opp temperaturen undervegs.

IMG_6554

Medan kyllingen steikjer ordnar du med grønsakene. Skrell gulrot og sellerirot, skjær i passe tjukke bitar. Ha dei i ein bolle og bland med olje, litt salt og pepar. Når det er 30 minutt att av steikjetida tek du ut forma og legg i grønsakene. Set forma i omnen igjen og steik i 30 minutt til.

IMG_6558

La kyllingen kvile på benke i 15 minutt etter at du tek den ut. Del kyllingen opp i serveringsbitar. Eg har alltid trudd det var ein heksekunst, men “Familiekokeboka” har ein superenkel instruksjon på korleis dette skal gjerast. På grunn av at den største og beste kokkekniven min måtte til for å få bukt med beina, let eg husbonden ta seg av oppskjæringa. Eg er framleis ikkje heilt ven med denne kniven etter at den skar av tommelen min for nokre månadar sidan…

Etter at kyllingen var ferdig oppskoren, meinte eg at den trengte litt meir steiketid. Då la vi berre bitane på toppen av grønsakene og steikte retten litt til.

Server med ris eller couscous.

lørdag 15. januar 2011

Lemon chicken og couscous-salat

I dag har eg laga lemon chicken inspirert av Tom Victor Gausdal og Ole Martin Alfsen.

Dette treng du for å lage retten:

  • 4-6 kyllinglår (gjerne landkylling, økologisk kylling etc)
  • salt og pepar (evt provencekrydder)
  • olivenolje til smøring av form/panne
  • 2 ss sirup
  • finraspa skal og saft frå ein sitron

lemonchicken

Krydre låra og legg dei i ei steikeform smurt med olje. Steik på 200 grader i 30 minutt. Medan det steikjer fiksar du sitrontilbehøret.

lemonchicken1 lemonchicken2

lemonchicken3 lemonchicken4 

Rasp skalet frå ein sitron. Press ut safta frå sitronen og bland det med sitronskalet. Tilsett 2 ss lys sirup og rør godt. La det stå og godgjere seg medan kyllingen steikjer.

lemonchicken5 

Ta ut kyllingen etter 30 minutt og fordel sitronherlegheita over låra. Set kyllingen tilbake i steikjeovnen og la stå omlag 10 minutt til.

Til denne retten serverer eg couscous-salat og tomatsalat. Dette treng du for å lage couscous:

  • 1 pakke couscous
  • 1 raud løk
  • 3 fedd kvitløk, finhakka
  • 1-2 grøne chili (ein stor eller to små)
  • 1 raud chili
  • 1 liter hønsebuljong
  • 5 ss olivenolje

lemonchicken7

Kok opp hønsebuljongen i lag med olivenolje, raud løk og kvitløk. Slå i pakken med couscous når vatnet kokar og trekk panna tilside. Couscousen treng å trekke i omlag 5 minutt, men kan godt stå litt lenger. Rett før servering rører du godt og tilset chilien.

lemonchicken8 lemonchicken10

Tomatsalaten brukar eg til det meste. Den passar godt sommar som vinter. For å lage den treng du:

  • så mykje tomat som du vil ha (gjerne små, søte tomatar)
  • raud løk, hakka
  • grasløk, hakka (kan erstattast med vårløk)
  • marinerte kvitløksbåtar
  • olivenolje og balsamicoeddik (nok til at tomatane vert godt marinerte)

lemonchicken6

Både store og små kosa seg med kyllingen i kveld! Dette blir garantert laga fleire gongar, men då trur eg at eg står over provencekrydderet og kun brukar salt og pepar. Eg har framleis ikkje lært meg å like timian og rosmarin….