NB! Work in progress - bloggen endrar seg og veks seg til smått om senn.... Takk for at du tek turen innom!

lørdag 15. januar 2011

Lemon chicken og couscous-salat

I dag har eg laga lemon chicken inspirert av Tom Victor Gausdal og Ole Martin Alfsen.

Dette treng du for å lage retten:

  • 4-6 kyllinglår (gjerne landkylling, økologisk kylling etc)
  • salt og pepar (evt provencekrydder)
  • olivenolje til smøring av form/panne
  • 2 ss sirup
  • finraspa skal og saft frå ein sitron

lemonchicken

Krydre låra og legg dei i ei steikeform smurt med olje. Steik på 200 grader i 30 minutt. Medan det steikjer fiksar du sitrontilbehøret.

lemonchicken1 lemonchicken2

lemonchicken3 lemonchicken4 

Rasp skalet frå ein sitron. Press ut safta frå sitronen og bland det med sitronskalet. Tilsett 2 ss lys sirup og rør godt. La det stå og godgjere seg medan kyllingen steikjer.

lemonchicken5 

Ta ut kyllingen etter 30 minutt og fordel sitronherlegheita over låra. Set kyllingen tilbake i steikjeovnen og la stå omlag 10 minutt til.

Til denne retten serverer eg couscous-salat og tomatsalat. Dette treng du for å lage couscous:

  • 1 pakke couscous
  • 1 raud løk
  • 3 fedd kvitløk, finhakka
  • 1-2 grøne chili (ein stor eller to små)
  • 1 raud chili
  • 1 liter hønsebuljong
  • 5 ss olivenolje

lemonchicken7

Kok opp hønsebuljongen i lag med olivenolje, raud løk og kvitløk. Slå i pakken med couscous når vatnet kokar og trekk panna tilside. Couscousen treng å trekke i omlag 5 minutt, men kan godt stå litt lenger. Rett før servering rører du godt og tilset chilien.

lemonchicken8 lemonchicken10

Tomatsalaten brukar eg til det meste. Den passar godt sommar som vinter. For å lage den treng du:

  • så mykje tomat som du vil ha (gjerne små, søte tomatar)
  • raud løk, hakka
  • grasløk, hakka (kan erstattast med vårløk)
  • marinerte kvitløksbåtar
  • olivenolje og balsamicoeddik (nok til at tomatane vert godt marinerte)

lemonchicken6

Både store og små kosa seg med kyllingen i kveld! Dette blir garantert laga fleire gongar, men då trur eg at eg står over provencekrydderet og kun brukar salt og pepar. Eg har framleis ikkje lært meg å like timian og rosmarin….

1 kommentar:

  1. Hei Tove:o)
    Fyrst og fremst...Gratulerer med matbloggen!!
    Denne kyllingretten såg verkeleg god ut...men i min heim står desverre ikkje kylling på topp ti lista blant resten av bebuarane *sukk*
    Er einig med deg i at planlegginga er særdeles viktig. Eg har no gått inn for ei heilt ny epoke. No vert middagane planlagt for ca ei veke av gangen, og så reiser eg til Førde og tek storhandel. Både meir økonomisk og forutsigbart.Og planlegginga er jo halve gleda da;o)
    Vi hadde vener på middag i går, og menyen besto av biff med eksotisk fruktsalat, potetchips og nanbrød, til dessert hadde eg "Storemyras mud pai". Ungane fekk pølsepizza og sjokolademousse:o)
    I dag er det raspeballar på menyen, bestillt av Rakel for ei veke sidan!!
    HA ein fin søndag...

    SvarSlett