NB! Work in progress - bloggen endrar seg og veks seg til smått om senn.... Takk for at du tek turen innom!

Viser innlegg med etiketten Bakverk/gjærdeig. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bakverk/gjærdeig. Vis alle innlegg

søndag 28. august 2011

Matpakkerundstykker med raspa brunost

Av og til blir ungane rett og slett lei brødskiver i matpakken. I dag baka eg difor grove matpakkerundstykker med raspa brunost. Eg brukte ei heilt vanleg oppskrift på grove rundstykker, og så tilsette eg raspa brunost. Dersom du har ei favorittoppskrift kan du sjølvsagt bruke den, eller så kan du lage denne:

6 dl sammalt kveite

6 dl kveitemjøl

50 g gjær

1/2 ts salt

5 dl vatn

2 ss olje

Raspa brunost

IMG_2267 copy

Bruk denne oppskrifta som utgangspunkt, og så kan du tilsette det du likar. I dag hadde eg i litt linfrø. Bland alle dei tørre ingrediensane i lag med gjær og salt. Rasp kjøleskapskald brunost med eit fint rivjern. Ta så mykje brunost som du vil.

IMG_2272

Tilsett passe temperert vatn og olje. Bruk kjøkkenmaskin og elt deigen godt. Det blir best resultat om du eltar deigen i om lag sju minutt. Eg har ei gammal kjøkkenmaskin som eg har arva etter farmor. Den er sikkert meir enn 30 år gammal. Visse ting tyder på at den kanskje har tenkt å pensjonere seg snart, så om nokon har veldig lyst å sponse meg med ei flunkande ny Kitchen Aid, så er det sjølvsagt høve til det, he, he!!!

Etter at deigen er elta godt, dekkjer du bakebollen med plast eller lokk. Hev til dobbel storleik. Trill ut rundstykka og hev på nytt. Steik på 250 grader i ca 12 minutt. Sjekk undervegs slik at dei ikkje blir brent. Dersom du treng meir tid, så gir du dei 1-2 minutt til.

IMG_2275 copy

Etter at rundstykka hadde kjølt seg ned litt, sprang eg bort til tantegulla med litt fersk bakst. Så smurte vi rundstykka og gjekk ut for å ete.

IMG_2279

Det er fyrste gongen eg bakar rundstykker med brunost i deigen, og var sjølvsagt spent på resultatet… Ungane skrytte uhemma av baksten og åt masse! Dei vart veldig saftige og gode!

IMG_2289

Det var så utruleg deilig å vere ute i kveld. Noko av sommaren vi ikkje fekk i juni og juli, glimta til no siste dagane. Minstemor pynta på fjøla si med ein margeritt! Og midt i alt mjølkesølet låg den der og lokka på sommarkjenslene! Trefjølene er ei gåve frå mamma. Det er veldig praktisk å ete av desse i staden for å bruke fat – særleg når ein er ute!

IMG_2298 copy

Ynskjer alle mine lesarar ei god veke med mykje godt på menyen! Kanskje bakar du brunostrundstykker og puttar i matboksa???

(PS! Midt i fotoseansen vart det litt for mange hender som skulle hjelpe til, noko som enda med at mjøkeglaset fekk seg ein dytt og mjølka skvulpa over. Men jammen vart det ein fin effekt på bileta! Aldri så gale at det ikkje er godt for noko, hi, hi!)

PS! Vil du følge livet på kjøkkenbenken min på FB, så klikkar du berre her og legg deg til!

søndag 6. mars 2011

Ja visst, kan 3-åringar lage foccacia…

…om dei berre får lov!

Å lage foccacia er ei takknemleg oppgåve. Deigen blir alltid vellukka, den er god å jobbe med og ein kan putte alt mogleg opp i deigen! Dette er eit godt utgangspunkt for å la ungane vere med på å bake!

I går laga eg og 3-åringen foccacia. Ho tok ganske raskt kommandoen over bakinga og var kuttesjef for alle ingrediensane. Eg målte opp alle ingrediensane, men det var også mi einaste oppgåve.

Oppskrifta vi brukte i går var ein miks av minst tre andre oppskrifter. Hovudingrediensane var svart oliven, fetaost og soltørka tomat.

Foccacia

Dette treng du:

1 kg kveitemjøl

1 pakke fersk gjær+ 2 ts sukker

5 dl lunka vatn

Ha mjøl i en bakebolle og lag ei grop i midten. Smuldre gjæra ned i gropa. Slå over vatnet og rør i mjølet litt og litt til smidig deig. Bruk gjerne kjøkkenmaskin til å få deigen godt nok bearbeida. PS! Den framstår som litt fast… Dekk deigen med plast og hev på ein lun stad i 15 minutt.

Medan deigen hevar ordnar du med “fyllet”:

150 g svart oliven

150 g soltørka tomat

150 g fetaost

Del alle ingrediensane i mindre bitar. Det treng på ingen måte å vere perfekt kutta, la gjerne ungane gjere det! Når deigen har heva 15 minutt skal du tilsette litt fleire ingrediensar.

Til resten av deigen treng du:

4-6 ss olivenolje

2 ts salt

oliven, soltørka tomat, fetaost

(evt. finhakka rosmarinnåler)

Slik gjer du det:

Ha alle ingrediensane i lag med den heva deigen i bakebollen. Elt alt saman godt, bruk gjerne kjøkkenmaskin. Du kan med fordel bruke litt tid på dette arbeidet! La gjerne ungane få gjere dette arbeidet! Dei små hendene klarer fint å knøde deigen og dei likar som regel godt å få “klissje” litt olje!

Når alt er godt blanda dekkjer du bakebollen med plast og set til heving i ein time på ein lun stad.

foccacia1

  F

  O

  C

  C

  A

  C

  I

  A

Ta den ferdigheva deigen og velt alt over på ei bakepapirkledd langpanne. Ha litt olje på hendene og trykk den godt utover. Bruk fingertuppane og trykk hòl i deigen. Slå rikeleg med olje over slik at det er er olje i alle hòla. Knus Maldonsalt mellom fingrane og strø over heile foccaciaen.

Ha plastfolie over langpanna og la brødet heve i 15 minutt på benken. Set det så i omnen på 200 grader i 40 minutt. Sjekk undervegs at det ikkje vert for mykje steikt.

Legg det ferdigsteikte brødet på ei rist med eit klede over slik at det får kjøle seg litt.

Skjære brødet i små bitar og server. Smakar nydeleg til pastasalat! Men det aller beste er å ete brødet åleine, med ein god aioli som einaste følge! Nam….

tirsdag 1. mars 2011

Bolledeig med suksess!

Gjærbakst er ikkje mi sterkaste side. Grovbakst til kvardagsbruk kan eg vere ein racer på, men fine, søte bakverk er ikkje heilt mi greie.

I går prøvde eg ut ei ny bolleoppskrift og den vart suksess! Eg har dobla den opprinnelege oppskrifta, orfordi eg meiner at eg like godt kan bakste stort når eg først bryr meg!

skillingsbolle Dette treng du:

300 g smør

12 dl mjølk

100 g gjær (helst ferskgjær)

2 egg

3 dl sukker

2 ts kardemomme

ca 2 kg kveitemjøl

Slik gjer du det:

Smelt smøret, ha i all mjølka og varm til 37 grader. Rør gjæra ut i mjølkeblandinga og ha alt over i ein stor bakebolle. Tilsett samanpiska egg, sukker, kardemomme og mjøl. Elt deigen i ca 5 minutt i kjøkkenmaskin. Tilsett evt meir mjøl slik at deigen vert smidig.

Dekk bakebollen med plast og set til heving på ein lun stad i 30-40 minutt.

Deigen kan brukast til minst tre ulike bakverk:

  • vanlege bollar
  • skillingsbollar
  • kveitekrans/klippekrans med fyll

Den ferdig heva deigen vart delt i to. Eine delen laga eg skillingsbollar av og den andre halvdelen vart til ein stor kveitekrans med fyll.

skillingsbolle1

Slik laga eg skillingsbollane:

Den eine halvparten eg hadde tatt unna til skillingsbollar vart delt i to ein gong til. Kvar halve vart kjevla ut til rektangel i passe tjukkelse. På toppen av kvart rektangel smurte eg eit lag med mjukt, godt smør og strødde over sukker og kanel. Så rulla eg det heile saman og skar skiver (om lag 1 cm tjukke).

Skillingsbollane vart lagt på bakepapirkledd bakebrett og fekk etterheve i om lag 30 minutt. Rett før steiking trykte eg ned midten på nokre av skillingsbollane og fylte dei med vaniljekrem. Det er som regel desse skillingsbollane som vert oppetne fyrst!

Eg steikte dei i ovnen på 230 grader i 12-14 minutt. Følg med undervegs, for alle omnar er ulike! Bollane skal ikkje vere for mørke!

Slik laga eg kveitekransen:

Eg tok den eine halvparten av deigen og kjelva den ut til eit stort rektangel. På midtfeltet smurte eg eit lag med makronfyll. Det kan du lage sjølv eller du kjøper eit halvfabrikat på butikken. På toppen av dette la eg eit tjukt og godt lag med vaniljekrem. Så bretta eg fyrst deigen inn frå den eine sida og så bretta eg inn deigen frå den andre sida. Du må altså tenkje deg at rektangelet skal delast i tre delar på langs. Pass på at du brettar inn endane så ikkje fyllet lek ut.

Få hjelp av eit par hender til og løft kransen over på bakepapirkledd bakebrett. Dersom du ikkje har nokon til å hjelpe deg klarer du det fint sjølv om du gjer det kontrollert og forsiktig. Kransen skal ligge med brettane ned, d.v.s. at den delen av kransen som låg ned mot benkeplata skal ligge opp når den har kome på bakebrettet.

skillingsbolle2

Når eg har fått lagt kransjeken over på steike- brettet, tek eg ei rein saks og rett og slett klipper ned i kransen.

Du kan gjere mykje eller lite ut av dette. Eg gjorde ikkje annan enn å klippe. Dei klipte hòla opnar seg fint opp når kransen vert steikt.

La kransen på etterheve under eit klede på ein lun stad.

Pensle den godt med egg før du steikjer den.

Kransen skal steikjast på 225 grader i omlag 30 minutt. Følg nøye med under steikjeprosessen og sjå til at den ikkje vert steikt for mykje. 

Kransen kan pyntast med melis før servering.

Oppskrifta fann eg i eit bilag i Allers.

Nokre viktige råd til bollebakarar:

  • Sørg for at alle råvarene ha romtemperatur
  • Elt lenge nok!
  • Hev lenge nok!
  • Pass på at deigen er dekt til under heving så ikkje deigen vert tørr!
  • Kna deigen godt etter heving, før du startar å lage bollar
  • Etterhev lenge nok!
  • Dekk til bollane så godt som råd når dei står til heving.
  • Gjærdeig har det absolutt best i lune omgjevnader! Unngå at der er trekk frå vindauge, dører etc der gjærbaksten står til heving.

LUKKE TIL MED BAKSTEN!