NB! Work in progress - bloggen endrar seg og veks seg til smått om senn.... Takk for at du tek turen innom!

Viser innlegg med etiketten Tips og idèar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tips og idèar. Vis alle innlegg

torsdag 22. september 2011

Salat treng ikkje alltid å ligge i ei skål!

Eigentleg likar eg aller best å servere salat på store, flate fat. Det ser så delikat ut og så viser alle ingrediensane så godt. Denne gongen har eg laga salaten i salaten!

IMG_2705

Det viktigaste du treng er hjertesalat. Plukk salatblada i frå kvarandre og vask dei godt. Legg dei fint på eit rundt fat.

IMG_2706

Ta deg så ein tur i kjøleskapet og sjå kva du har. Denne gongen brukte eg paprika, raud løk, agurk og tomat (sistnemnte låg sjølvsagt ikkje i kjøleskapet!). Skjær alt i små bitar og strø dei i salatblada. Når alt var på plass risla eg over god olivenolje og balsamicoeddik. Deretter la eg på krutongar rista i olje og kvitløk.

IMG_2716

Denne gongen vart salaten servert i lag med pastasløyfer frå Olivier & Co og chilimarinert kyllingfilèt.

IMG_2719

Dommen frå den kritiske juryen var heilt klar; det var supergøy å ete slik salat til middagen! Dei likte å plukke seg eit salatblad med godsaker og legge på fatet. Litt ekstra balsamico på tallerkenen til å dyppe godsakene i er obligatorisk!

Det skal vere gøy å lage middag og tilbehør til middag. Å lage denne salaten som tilbehør tek lite tid og er utruleg godt. Du brukar sjølvsagt det du har tilgjengeleg og det du likar godt.

Har du ein salatfavoritt???

tirsdag 20. september 2011

...om å pakke inn spaghetti

Dette handlar ikkje om å pakke inn spaghetti som gåve. Det handlar om å rulle nykokt, al dente pasta i ein herleg miks av oljar, safter og smakfulle ingrediensar. Dette er ei søt, lita oppskrift som gjer spaghettien til ei fryd og ete, og som slettes ikkje treng anna tilbehør! Og best av alt; det går lynande fort å lage det, og om ein har litt basisingrediensar i skapa sine, så er det utruleg billeg mat!

 

paprika, kvitløk, basilikum, sitron, søte tomatar

 

Ta alle ingrediensane på bileta oppom, og hakk dei opp i små, små bitar. Sitronen skal du ikkje hakke, men vaske godt og rive av litt sitronskal. Bruk eit zest-jarn eller ei fin rasp. PS! Fjern innmaten i tomatane, du treng berre tomatkjøtet. Bland desse ingrediensane i ei skål. Tilsett litt salt, grovkverna pepar og ørlite sukker. Bland alt godt.

god olivenolje, balsamico, sitronsaft

Bruk ca to delar olje og 1/2-1 del balsamico (kjem an på kor godt du likar det) og safta frå minimum ein halv sitron. Rør dette godt saman og slå det over dei andre ingrediensane. Bland godt. Slå dette over nykokt pasta og bland godt! Det er her omgrepet "å pakke inn" kjem til sin rett! Pynt gjerne med basilikum, evt. litt riven ost og små cherrytomatar delt i to (det er mykje fantastisk god tomat å få kjøpt, prøv gjerne ulike sortar). For å toppe det heile raspar eg alltid over litt sitronskal. Mmmmmmm...... Du kan sjølvsagt tilsette steikt kyllingbryst eller litt god skinke - men for all del: styr unna kjøtdeig!

Håper maten vil smake!

søndag 6. februar 2011

Sytalaus sitronkylling!

På Sunnmøre har vi eit uttrykk som heiter “sytalaust”. Vi brukar det om noko vi ikkje treng å bekymre oss så mykje for, eller bruke for mykje energi på. Sytalaus kylling er difor middagsrett du ikkje treng å jobbe så mykje med og som ikkje krev så mykje arbeid.

Lemon chicken vert laga mange stadar i verda, men for meg er den retten noko eg forbind med USA. Då eg jobbe i Carlifornia hadde vi ofte lemon chicken til middag eller vi bestilte det på restaurant når vi var ute og åt. Min variant i dag er inspirert av ei oppskrift i “Familiekokeboka”, som eg presenterte i eit anna innlegg (du kan lese om kokeboka her).

kylling

Hovudingrediensen i denne retten er sjølvsagt kylling, men eg tør å påstå at det er sitronen som spelar hovudrolla!

For å lage retten treng du:

♥ 4-6 kyllingfiletar eller ein rå kylling som du deler i høvelege bitar

♥ 2 sitron

♥ salt og pepar

♥ 2 ss sirup

♥ olivenolje til å smøre forma

♥ ei eldfast form

♥ sitronpresse

 

Slik gjer du det:

Set omnen på 200 grader. Smør ei eldfast form med olivenolje. Krydre begge sider av kyllingfilètane med salt og pepar. Eg brukte sitronpepar. Set forma i omnen og la kyllingen steikje i 30 minutt.

Medan kyllingen steikjer raspar du skalet av dei to sitronane. Deretter skvisar du all safta ut av sitronane. Ha skal og saft i ein liten bolle og tilsett sirupen. Rør godt og la stå til kyllingen har steikt ferdig.

Etter 30 minutt tek du ut kyllingen og auser sitron/sirup-blandinga over filètane. Set tilbake i omnen og steik 10-15 minutt til. Du kan opne ovnsdøra nokre gongar og ause krafta over kyllingen.

kylling1

Kyllingen er så utruleg smakfull at du ikkje treng så krevjande tilbehør. Lag ein enkel, men raus tomatsalat til denne retten. Då treng du:

♥ Tomatar som du kan skjære i små bitar

♥ Agurk i terningar

♥ Paprika i bitar

♥ Raud løk i små bitar

♥ Marinerte kvitløksbåtar

♥ Litt olivenolje og balsamicoeddik (du kan gjerne bruke oljen som kvitløksbåtane ligg i)

Tilsett litt salt (gjerne Maldonsalt) og ein liiita klype sukker.

Retten smakar godt med ris eller couscous til.

kylling2

Eg har erfart at det ikkje er alle som likar så godt det raspa sitronskalet som ligg på toppen av kyllingen. Det kan kvar einskild sjølvsagt skrape av, eller så treng du ikkje å bruke så mykje skal i blandinga.

PS! Den herlege mixen av sitronsaft, sitronskal og sirup smakar nyyydeleg på vaniljeis! Pass då på at du ikkje brukar altfor mykje sitronsaft slik at det vert altfor rennannde. Legg vaniljeis i ei skål, strø over ferske jordbær og slå over litt av sitronblandinga. Då har du ein super dessert!

lørdag 15. januar 2011

God planlegging er halve måltidet!

I dag har eg brukt morgontimane til å tenkje ut kva vi skal ete i helga. Denne helga er det ingenting særskilt vi skal, så eg kan med glede bruke tida mi på kjøkkenet og lage god mat til familien!

planlegging1

Eg har kosa meg med god frukost og “Familiekokeboka” (som eg kjem til å presentere ved seinare høve). Her i huset er det kylling som er vår kjøtpreferanse, og eg har funne fram til to saftige og gode kyllingrettar som vi skal prøve i helga.

planlegging

For å vere sikker på at retten blir vellukka og sjølve måltidet blir ei feststund, kan det vere lurt å planlegge godt:

  • ta med deg eit utval kokebøker og set deg godt til rette.
  • tenk ut kva slags hovudingrediens du vil bruke (t.d. kylling) og leit fram oppskriftene som inneheld dette. Nokre kokebøker har stikkordsliste for ingrediensar slik at du lett kan finne fram til oppskriftene som inneheld det du ynskjer.
  • tenk over kor mykje tid du har til matlaging og finn oppskrifter som passar inn i tidsskjemaet ditt.
  • skriv ned alt du treng å handle inn. Sjekk i skapa dine kva du har og ikkje har. Nokre ingrediensar kan det vere lurt å handle inn litt meir av enn det oppskrifta seier, t.d. frukt og grønsaker.
  • planlegg kva tilbehør du ynskjer og kva du treng for å lage det.
  • dersom du lagar retten for fyrste gong, kan det kanskje vere ein idè å ha noko anna på lur dersom t.d. ungane absolutt ikkje skulle like det du lagar.

Mandfolk er forfærdelig hyggelige naar de får god mat. Jeg faar nok for alvor slaa mig på kokkeriet.””

- Hulda Garborg -

Kva står på menyen heime hos deg i dag?