NB! Work in progress - bloggen endrar seg og veks seg til smått om senn.... Takk for at du tek turen innom!

mandag 31. januar 2011

Min fyrste gjestebloggar lagar sushi!

Planen min for denne matbloggen er allsidig, og for å variere har eg tenkt å ha gjestebloggarar på kjøkkenbenken. Av og til kan det hende eg inviterer meg sjølv heim til folk som lagar god mat og har eit spennande konsept, andre gongar er det kanskje eg som står for matlaginga på ein framand kjøkkenbenk, eller så får eg folk til å sende inn tekst og bileter til eit blogginnlegg.

Sushi11 Fyrste gjestabloggaren min er ein god kollega; Kari Velle Eiskund. Ho hadde invitert flotte damer over på sushi og tok gledeleg i mot utfordringa med å dokumentere og skrive om hendiga!

Værsågod; her er Kari sine ord og bileter!

Eg er ingen gourmet, men eg elskar god mat. Er ikkje maten god er den ikkje verdt kaloriane i den. Maten skal helst vere laga frå grunnen av, posesupper og sausar er eg ikkje glad i. Eg er ikkje snobbete, eg et det meste, men ikkje alt eg lagar sjølv eller får servert får fram sterke kjensler i meg.

Nokre gongar gjer mat meg lykkeleg. Sushi er mat som har slik verknad på meg. Eg kan ikkje så mykje om sushi, og eg har ikkje ete det meir enn 6-7 gongar i løpet av nokre få år. Dei måltida har likevel gjort inntrykk på meg, ei gryande forelsking har blitt til ekte kjærleik.

I det siste har eg lengta meg ut av Ørsta, eg vil ut og reise, få luft under vingane, oppleve noko nytt, møte spanande menneske, ete god mat. På formiddagen i går gjekk eg til biblioteket for å levere inn ei bok, og eg lengta etter andre gater, spanande butikkar, nye impulsar. Eg tenkte at eg skulle hatt meg ein Oslo-tur, gå ut der ingen kjenner meg og ete deilig sushi.

-Tenk om eg kunne lært meg å lage det sjølv, tenkte eg, og før eg hadde tenkt tanken ferdig hadde eg bestemt meg. På veg heim drog eg innom Coop og kjøpte det eg meinte eg trengde. Damene som skulle komme på vin og Cognac om kvelden vart informert om prosjektet mitt, samt alle venene på facebook.

Sushi9

Eg leste meg opp på nettet før eg byrja, og når klokka bikka 18.00 var eg i gang. Det såg ikkje vanskeleg ut, dette skulle eg klare.

Dette var råvarene eg hadde:

- Sushiris

  • Japansk riseddik

  • Tangpapir

  • Bambusmatte til å rulle

  • Salmalaks

  • Reker

  • Sitron

  • Agurk

  • Avokado

  • Sukker og salt

Til servering: japansk soyasaus, wasabi og sylta ingefær.

Eg kokte all risen, 500 g. Det er betre med for mykje enn for liten.

Risen skal skyllast godt, og kvile i 10 min. før koking. Vatnet skal gå ca 2 cm over risen, og skal koke som anna ris. Etter at risen er ferdig skal den kvile litt, og så skal det hellast over ei eddikblanding før risen skal avkjølast.

Sushi8 Sushi7

Mi blanding bestod av heile flaska med riseddik (150 ml), 200 g sukker, 1 dl vatn, og litt salt og litt sitron. (Eg las litt ulike oppskrifter, kor mykje riseddik som skal blandast i varierer litt.) Du varmar opp blandinga, men den skal ikkje koke. Avkjølast før du blander den inn i risen. Risen skal avkjølast raskt, og la den utover eit stort serveringsfat.

Sushi3Sushi4 Sushi5 

No kutta eg laksen opp i tynne skiver, nokre mm. tjukke. Eg pilla rekene som vart kjøpt frosne fordi dei ikkje hadde ferske. Agurken skar eg i stavar, og avokadoen i båtar.

Sushi2 Sushi1

Først laga eg maki(rullar). Eg la plastfolie på bambusmatta og pressa ris utover med hendene. Over la eg eit tang-ark. I midten la eg laks, agurk og avokado. (Det vart litt mykje fyll viste det seg.) Eg rulla saman så stramt eg klarte. Eg rulla ein til, men då byrja eg med tang-ark, pressa ris over, og fylte med reker og avokado. Med trening vert det nok finare og strammare rullar med mindre fyll.

Sushi Sushi6

Etterpå brukte eg resten av risen til nigiri. Det er rispølser med fisk oppå. Eg forma små firkantar med hendene og la dei fint på serveringsfat. Under fisken skal det vere litt wasabi, men eg blanda med kremost etter tips på nettet.

Når gjestene kom var det dekka bord, stearinlys, mat på fat og ei stolt vertinne. Det var heller ikkje dumt med imponerte gjester. Golva hadde eg ikkje fått tid til å vaske, og ikkje hadde eg fått skifta klede heller. Likevel var det var ingenting ikkje litt dempa lys, øl, vin og Cognac kunne gjere noko med. Gjestene duppa fiskebitar i soyasaus med wasabi, og dei låt vel.

sushi10

På ein januar-laurdag i Ørsta hadde eg lengta meg vekk, utfordra meg sjølv og lært meg sjølv noko nytt. I tillegg delte fire flotte damer tankar til rundt kl. 3.00 om natta. I dag tenkjer eg at eg må sjå på kva eg kan få til her i Ørsta i staden for å lengte meg vekk.

TUSEN TAKK, KARI! Trur jammen du klarte å få meg til å ha lyst på sushi!!!

1 kommentar:

  1. Såg veldig spennende ut må eg si.
    Men smaker det noe? Eller smaker det likt alltsammen?
    Det er kanske soyan som setter smak på det?
    Nyskjerrig må eg si. Har aldrig smakt sushi....
    Takk for tipset. Får se om eg törr å pröve hihi.
    Klems Synnöve.

    SvarSlett