NB! Work in progress - bloggen endrar seg og veks seg til smått om senn.... Takk for at du tek turen innom!

Viser innlegg med etiketten Kaker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kaker. Vis alle innlegg

lørdag 12. februar 2011

Sitroniskake med jordbærsaus, a’la Trine

Har du lyst å imponere ei mamma med ei nydeleg kake i morgon? Eller kanskje du berre vil lage litt kake til deg sjølv? Forrige helg laga eg ei sitroniskake som eg fann på den fantastiske bloggen til Trine. Kaka er syrleg og god, medan den heimelaga jordbærsausen bidreg med det søte! Det er ein utruleg vakker ingrediens som absolutt hevar jordbærsausen, nemleg stjerneanis!

sitroniskake

Dette treng du til isen:

3,5 dl creme fraiche

2 eggeplommer

1 ts vaniljesukker

1 sitron, saft og skall

2 eggekvitar

1 dl melis

 

Dette treng du til botnen:

Ca 3 dl smuler av søt kjeks(feks Bix-it)

Du treng også eit kakefat og ringen til ei kakeform på 24 cm i diameter. Set ringen ned på kakefatet og strø i dei knuste kjeksa. Du treng ikkje smør.

 

Slik lagar du isen:

Visp creme fraiche stiv. Visp saman eggeplommene med vaniljesukker og bland inn stivpiska creme fraiche med ein slikkepott. Tilsett sitronsaft og rive sitronskall.

Visp eggekvitene stive med melis (erfaringsmessig lønner det seg å vispe eggekvitane litt før du har i melisen). Ta den piska eggekviten og skjær den inn i kremen du har laga av creme fraiche. 

Fordel ismassen forsiktig over kjekssmulane. La isen stivne i frysaren. Det beste er om du lagar den dagen før du skal servere den. Når du skal servere iskaka bør du ta den ut av frysaren 30-45 minutt før servering. Pynt gjerne iskaka med litt strimla sitronskal og sitronmelisse eller mynte før servering.

sitroniskake1

Same dag som du skal servere kaka lagar du den fantastiske jordbærsausen.

Dette treng du til sausen:

300 gram friske eller frosne jordbær

ca 1 dl vann

ca 75 gram sukker

2 stjerneanis

saft av 1/2 sitron

Slik lagar du sausen:

Lag sukkerlake av vatn, sukker og stjerneanis, og sett til avkjøling. Ha jordbær og sitronsaft i ein foodprosessor eller ei smoothiesmaskin. Ta stjerneanisen ut av sukkerlaken før du slår den over bæra. Bland det heile til ein jamn saus. Dersom du brukar smoothiesmaskin og frosne bær må du gjere dette i litt fleire etappar, då den frosne bæra kan vere vanskeleg å knuse for maskina. Når all bæra er knust og sausen er jamn og fin, slår du den i ein fin mugge og set den i kjøleskapet til du skal servere. Både sausen og kaka er haldbar i hhv kjøleskap og frysar i ca en veke.

sitroniskake2

Du vil verte overraska over den fantastiske smaken stjerneanis set på sausen! Gjestane dine vil bli sittande å smatte på sausen og leite etter ingrediensen som set prikken over i’en! Når du tek stjerneanisen ut av sukkerlaken kan du godt legge den til side på eit t-fat. Den passar supert til å pynte kaka med! Som du ser av biletet er den blank og glasert av sukkert. Den vil halde seg så fin i dagesvis!

Dette er ei super morsdagskake!

PS! Seinare i dag kjem det ei oppskrift på verdens beste fiskemiddag! Den høver godt som morsdagsmiddag. Dersom du vil lage denne middagen må du passe på å ha kveite i hus! Smørdampa kveit får du altså oppskrift på seinare i dag!

søndag 23. januar 2011

Søndagskake!

 

“På kjøkkenbenken” har ei eiga gruppe på Facebook, der eg legg ut lenkje til blogginnlegg. Der har eg også oppmoda medlemmane om å dele favorittoppskriftene sine. Mi gode venninne, Ann Helen, har delt ei kakeoppskrift som er ganske smart. Du lagar ei røre, og den er utgangspunkt for fem ulike kakevariantar. Her kjem grunnoppskrifta:

Du treng:

2 egg

2,5 dl sukker
125 g smør
1 dl mjølk
3 dl kveitemjøl
2 ts bakepulver

Slik gjer du det:

♥ pisk eggedosis
♥ smelt smøret og hell i mjølka. La det koke opp og hell i eggedosisen under kraftig visping.
♥ rør inn mjøl og bakepulver; rør til deigen er jamn.
♥ steik i 30 – 45 min ( alt ettersom kva du puttar i; eplekake treng 45, sjokolade ca 25-30) på ca 180 grader.

søndagskake

Fem ulike smaksvariantar:

Sitronkake: tilsett rive skal av ein sitron
Krydderkake: tilsett 1 ts nellik, 2 ts kanel, eit knivsodd ingefær
Nøttekake: 100 g malte hasselnøttkjerner og 75 g grovhakka sjokolade
Fruktkake: Rive skal av ein sitron, 3 ss rosiner + bær eller hakka svisker
Eplekake: Tilsett eplebåtar av 3 – 5 eple ( alt etter kor store dei er ) + sukker og kanel
Sjokoladekake: Tilsett 2 ss kakao, samt ei plate smelta kokesjokolade og ca. 50 g grovhakka valnøtter

…eller du lagar din heilt eigen variant! Pga nøtteallergi i heimen måtte eg kutte ut nøttene då eg laga sjokoladevarianten. I staden for tok eg litt marsipan som var til overs etter jul, skar den i små bitar og putta dei i røra. Det vart kjempegodt!

Det er viktig at du passar på steikjetida. Eg steikte kaka i 30 minutt, det viste seg å vere litt for mykje. Trur den hadde vorte litt saftigare om eg hadde steikt den i 25 minutt. Bruk kakepinne og prøv deg fram!

søndagskake1

God søndag til alle!

lørdag 15. januar 2011

Sitronkake med valmuefrø!

Eg hadde visst lovt å leggje ut oppskrift på ei nydeleg god sitronkake, så då lyt eg gjere det!!!

sitron

Dette treng du:

8 ss solsikkeolje

100 g sukker

4 egg

4 ss mjølk

2 ts vaniljesukker

200 g kveitemjøl

1 ts bakepulver

1/2 ts salt

25 g valmuefrø

rive skal av 1 1/2 sitron

melis til glasur + rive skal av sitron

sitronkake

Slik gjer du det:

Rør saman olje, sukker og egg. Tilsett mjølk.

Ha i siktet mjøl, bakepulver, vaniljesukker, salt og valmuefrø.

Vend inn rive skal av sitron.

Hell røra i ei smurt form og steik ved 175 grader,

midt i omnen i ca. 50 minutter.

Sjekk med ei bakenål om kaka er ferdig.

Glasur:

2 1/2 dl melis og ca. 2 ss sitronsaft.

Strø over rive skal av sitron og valmuefrø.

PS! Kaka vert ekstra fin om du steikjer den i ei”gammaldags” form slik at det vert litt mønster på overflata av kaka.

Beklagar den dårlege kvaliteten på biletet av kaka, men eg måtte kopiere eit eg hadde liggande på bloggen. Originalbiletet (og ca 3000 bileter til…) gjekk tapt då maskina fekk øydelagt harddisken etter eit lynnedslag!