Ungar kunne heilt sikkert ha ete is døgnet rundt om dei fekk lov! I helga kjøpte eg ei kokebok til vesle frøken snupp på 4 år, og den måtte sjølvsagt innviast! Ho bestemte seg raskt for å lage ein is ho fann oppskrift på.
For å lage denne isen treng du:
1 stort beger youghurt naturell
1.5 dl fløte
30 gram melis
1 lita skål med knuste kjeks
1 lita skål med små marshmellows eller rosa skumputer
1 lita skål med fudgekarameller
Slik gjer du det:
Start med å slå fløten i ei stor skål. Bruk eit mjølsikt og dryss i melisen.
Pisk kremen så stiv at du kan lage toppar i kremen. Pass på at det ikkje vert for stivt.
Etter å ha piska fløten stiv slår du i heile begeret med youghurt.
Bland godt - dette er supert arbeid for ungane!
Slå i dei tre skålene med kjeks, marshmellows og karameller. Så må det heile blandast godt på nytt. Litt prøvesmaking etter å ha fått all isen trygt på plass i boksa er sjølvsagt lov!
Slå ismassen i ei passeleg plastboks med lokk. Eg brukte ei avlang Tupperware-boks og den var heilt super til dette formålet! Set isen i fryseboksa i minst fire timar før servering.
Ta ut isen 10-15 minutt før servering slik at den får mjukne litt. Løsne rundt kantane og slå den over på ei skjærefjøl. Del deretter opp i passelege serveringsstykke. Eg hadde tenkt å bruke isskei, men fekk det ikkje heilt til. Dessutan syntest eg at snittflatene vart så fargerike og flotte å sjå på!
Server isen i fargerike skåler, plastglas eller lag kuler og ha dei i kjeks. Isen smakar absolutt best om den får verte litt temperert.
Denne oppskrifta er utruleg enkel og ein kan trygt setje ungane i gong på kjøkkenet. Den kan sjølvsagt varierast på mange måtar:
- Som kjeks kan du bruke Gullvafler (eg brukte sjokoladevarianten), Oreo, Maryland cookies etc.
- Du kan bruke minimarshmellows eller skumputer som du får i smågodtdisken.
- Bruk vaniljeyoughurt i staden for naturell
- Bruk youghurt med smak og tilsett frukt i staden for snop
- Som snop kan du bruke alt mogleg; Non Stop, hakka sjokolade, hakka twist, knust tyrkisk pepar, lakriskbitar etc.
Håper vi får mange flotte iskremdagar i sommar!!!
Takker for den. Her går det is i bötter og spann så denne blir fin.
SvarSlettKlem fra Synnöve.
Koselig å lage is sammen med noen andre :) Og isen ser god ut!
SvarSlett