NB! Work in progress - bloggen endrar seg og veks seg til smått om senn.... Takk for at du tek turen innom!

onsdag 29. juni 2011

Bringebæris – smaken av sommar…

Eg har tidlegare lagt ut ei oppskrift på youghurtis. Ungane likte den, men gav tilbakemelding på at den kanskje var i “suraste” laget. Her kjem difor ei litt meir barnevennlig oppskrift med bær.

IMG_9404

Til grunnoppskrifta treng du dette:

1 stort beger vaniljeyoughurt

1.5 dl fløte

100 gram melis

Slik gjer du det:

Pisk fløte og melis stivt. Tilsett youghurten. Bland godt.

Tilsett bringebær (eller anna bær om du ynskjer det). Eg erfarte at det var best å  bruke frosne bær slik at dei ikkje “vatna” ut isen.

Slå blandinga i ei flat plastboks med lokk. Sett i frysen, helst natta over. Men om du er skikkeleg lysten på is kan det vere nok med fire timar.

IMG_9405

Når du skal servere løsnar du isen med ein kniv, set boksa opp/ned på ei skjærefjøl og skjær opp passe bitar. Legg isen på nydelege dessertfat eller i ein plastkopp – smakar fantastisk uansett!

3 kommentarer:

  1. Den såg berre såå freistande ut! Det må bli neste prosjekt på ein regnvêrsdag...

    Så utruleg mykje anna godt du har nedover bloggen din, måtte lese alt! Eg kjem nok innom att...

    Klem til deg

    SvarSlett
  2. Hei

    Ina fra Mat på bordet og jeg har startet Matbloggsentralen, en samling med blant annet matbloggere. Dersom du har lyst til å bli medlem, er du hjertelig velkommen til å legge igjen en kommentar i det første innlegget vårt eller sende en epost til kjoekkentjeneste@gmail.com.

    http://matbloggsentralen.blogspot.com/

    SvarSlett