NB! Work in progress - bloggen endrar seg og veks seg til smått om senn.... Takk for at du tek turen innom!

lørdag 9. juli 2011

Pigs in a blanket – skikkeleg laurdagskos!

Eg hugsar framleis dei late laurdagsmorgonane som student i Newcastle… Tusle seg ein tur down town og kjøpe ferske aviser og “pigs in a blanket” på veg heim. Ete dei passe varme herlegheitene i handa på veg heim, eller sette seg ned på ein benk og nyte både maten og avisa! Det var tider, det!!! Heilt sidan den gong har eg likt “pigs in a blanket” og kjøpt det kvar einaste gong eg har vore tilbake til England.

“Pigs in a blanket” er ikkje hokus pokus-mat. Det er rett og slett pølser basert på svinekjøt som er rulla inn i butterdeig og steikt i omnen. Det beste med det er at ein ser kor utruleg lett det er å lage sine eigne pølser! Oppskrifta du skal få med meg no er basert på prinsippet om at “man tager hva man haver”. Eg har ingen eksakte mål, men har vore raus med det som eg veit smakar godt og som gir gode smakar til pølsene.

IMG_0175

Dette er hovudingrediensane:

Kjøttdeig av svin

Kvitlauk

Salt

Pepar

Finkakka soltørka tomat

Jack Daniels saus

Urter (ta det du har)

Brødrasp (det lagar du sjølv eller kjøper i butikk), om lag 1 dl

Plater med butterdeig (ferdig i butikke eller heimelaga)

Egg til å lime enden med

 

Alt dette blandar du i passelege mengder. Tilsett alt i deigen og kna godt med hendene. I tillegg må du gjerne tilsette tabascosaus eller andre sterke sausar som du måtte like. Urtene kan stort sett vere kva som helst! Eg hadde ikkje urter tilgjengeleg denne gongen, noko eg verkeleg sakna i pølsene – både for smaken sin del og det visuelle sin del! Er litt meir lekkert med litt grøne innslag i deigen! Det viktigaste er likevel at pølsene har kraftig og god smak!Bruk det du har tilgjengeleg!

Kjelvle ut butterdeigen til små firkantar/rektangel, form ei lita pølse med deig og legg på butterdeigen. Rull saman og pensle med egg på langsida for å lime att butterdeigen. Kvar pølse bør ikkje vere meir enn ti cm lang.

IMG_0179

Legg pølsene på ei steikjeplate og pensle godt med egg. Steik på 225 grader i ca 30 minutt. Ta ut ei pølse og del den i to for å sjå om den er godt nok steikt. Legg til litt tid om du synest dei verkar lite ferdige.

IMG_0184

Server pølsene med ein  god saus til å dyppe dei i. Det kan vere Jack Daniels saus, ein smaksrik tomatsalsa eller ein annan saus som du måtte foretrekke! Du kan ete dei som dei er eller servere med ris og ein god salat. Dei eignar seg svært godt på tapasbordet (då kan du gjerne lage dei endå mindre) og ser supre i piknikk-korga eller i lunsjboksa. Dei smakar like godt (nesten) varme som kalde!

onsdag 29. juni 2011

Bringebæris – smaken av sommar…

Eg har tidlegare lagt ut ei oppskrift på youghurtis. Ungane likte den, men gav tilbakemelding på at den kanskje var i “suraste” laget. Her kjem difor ei litt meir barnevennlig oppskrift med bær.

IMG_9404

Til grunnoppskrifta treng du dette:

1 stort beger vaniljeyoughurt

1.5 dl fløte

100 gram melis

Slik gjer du det:

Pisk fløte og melis stivt. Tilsett youghurten. Bland godt.

Tilsett bringebær (eller anna bær om du ynskjer det). Eg erfarte at det var best å  bruke frosne bær slik at dei ikkje “vatna” ut isen.

Slå blandinga i ei flat plastboks med lokk. Sett i frysen, helst natta over. Men om du er skikkeleg lysten på is kan det vere nok med fire timar.

IMG_9405

Når du skal servere løsnar du isen med ein kniv, set boksa opp/ned på ei skjærefjøl og skjær opp passe bitar. Legg isen på nydelege dessertfat eller i ein plastkopp – smakar fantastisk uansett!

mandag 27. juni 2011

Steikt torsk på potetseng med brokkoli- og blomkålmos, smørdampa gulrøter og asparges.

Det er så altfor lenge sidan eg har lagt ut oppskrifter her inne! Men no er det sommartid og husfrua har betre tid til matlaging! I dag legg eg ut ei oppskrift eg har eksperimentert litt med. Eg skal ikkje skryte på meg at eg er den einaste som har kome på å lage dette, men det er smakskombinasjonane eg har jobba mest med. Det må vere smakar som komplementerer kvarandre og som verkeleg gir smaksoppleving og lyftar retten.

IMG_0089

For å lage dette treng du: skinn-og beinfri torskefilèt, soltørka tomat i olje, blomkål, brokkoli, gulrot og asparges. I tillegg skal retten smakast til med ymse krydder og smaken av sitron.

IMG_0098

Skrell fyrst potetene og skjær dei i passe tynne skiver. Legg fyrst eitt lag med poteter i ei eldfast form. Krydre med salt og sitronpepar. Alternativt kan du bruke vanleg pepar og heller skvise over litt sitronsaft.

Legg så over det andre laget med poteteskiver. Krydre på same måte.

Sett den eldfaste forma i steikeomnen på 225 grader i ein halvtime.

Medan potetene steikjer i omnen brukar du tid på å steike torsken.

Ta ut forma og gjer klart for å legge over dei andre ingrediensane.

 

IMG_0114

 

Smelt godt smør (gjerne meierismør) i panna og vent til det sluttar å skumme.

Legg i torsken og steik den gyllen og fin. Ikkje steik den for mykje, då blir den berre tørr. Den treng ikkje å vere heilt gjennomsteikt, då den må i omnen i lag med potetene etterpå.

Krydre med salt og sitronpepar. Dersom du har vanleg pepar kan du skvise over litt sitronsaft om du har.

 

 

 

 

Når fisken har fått bruna seg litt og potetene i omnen er ferdige, kuttar du litt soltørka tomat og strør over potetene. Legg så over fisken og sett tilbake i omnen. La den stå der til du ser at fisken er akkurat passe steikt.

IMG_0120 IMG_0124

La fisken kvile på eit fat medan du lagar purè av brokkoli og blomkål. Kok opp lettsalta vatn og legg i blomkål og brokkoli. La det koke til det er akkurat mørt. Slå av vatnet og damp grønsakene tørre. Ha i 1-2 gode skeier med meierismør og 1 ss fløyte eller 1-2 ss mjølk. Bruk stavmiksar og mos til det blir ein jamn og fin purè. Smak til med salt og grovkverna pepar. Den må ikkje bli for tam!

IMG_0110 IMG_0113

Det neste du gjer klart er asparges. Knekk den der det er naturleg (om lag tre siste centimeterane på stilken). Bruk potetskrellar og skrell av skalet på nederste halvdel av stilken. Ver forsiktig – den knekk lett!

Legg aspargesen i ei god og varm steikepanne med smelta meierismør. Rull dei litt rundt i smøret før du krydrar med Maldonsalt og grovkverna pepar. Skru ned varmen og la dei kose seg i panna til du er klar til å anrette maten.

IMG_0122

Så er det på tide å tilberede gulrøtene. Eg har funne meg ein ny favorittmåte å tilberede dei på.

Fyrst skrellar eg av alt skalet. Så held eg fram med å skrelle gulrota og puttar alt i ei lita gryte. Dersom du er veldig avansert kan du sjølvsagt bruke ein julienne-kuttar og få fine strimlar!

Ha ein god smørklatt i gryta og krydre med grovkverna pepar. Du vil bli positivt overraska over smakskombinasjonen!  La det heile putre forsiktig slik at dei ikkje blir for mjuke. Nokre få minutt er alt som trengst! PS! Til kvardags byttar du ut smøret med ein liten dæsj vatn!

 

IMG_0125

Ta eit fint fat og anrett maten. Eg har poteter og fisk i eine enden av fatet og grønsaken i den andre enden av fatet. Du kan gjere det kunstferdig og flott, eller kvardagsleg og flott!

IMG_0127

Eg vonar du tør å prøve deg på denne retten eller lage din eigen versjon av den! Det verkar kanskje vanskeleg, men det er berre å ta det steg for steg så går det bra! For å skaffe deg ei viss oversikt skal du altså;

  • Skrelle poteter og skjære dei i skiver
  • Steike fisken i panna
  • Lage purè av brokkoli og blomkål
  • Smørsteikje asparges
  • Smørdampe gulrot

Inn i mellom alt dette må du krydre litt og smake litt. Du må skjære soltørka tomat, skvise litt sitron og passe på at fisken ikkje blir for mykje steikt!

Håper maten vil smake!

mandag 23. mai 2011

La ungane lage isen sin sjølv!!!

Ungar kunne heilt sikkert ha ete is døgnet rundt om dei fekk lov! I helga kjøpte eg ei kokebok til vesle frøken snupp på 4 år, og den måtte sjølvsagt innviast! Ho bestemte seg raskt for å lage ein is ho fann oppskrift på.

IMG_8899

For å lage denne isen treng du:

1 stort beger youghurt naturell

1.5 dl fløte

30 gram melis

1 lita skål med knuste kjeks

1 lita skål med små marshmellows eller rosa skumputer

1 lita skål med fudgekarameller

 

 

Slik gjer du det:

Start med å slå fløten i ei stor skål. Bruk eit mjølsikt og dryss i melisen.

Pisk kremen så stiv at du kan lage toppar i kremen. Pass på at det ikkje vert for stivt.

 

IMG_8905

Etter å ha piska fløten stiv slår du i heile begeret med youghurt.

IMG_8909

Bland godt - dette er supert arbeid for ungane!

IMG_8917 IMG_8927

Picnik collage

Slå i dei tre skålene med kjeks, marshmellows og karameller. Så må det heile blandast godt på nytt. Litt prøvesmaking etter å ha fått all isen trygt på plass i boksa er sjølvsagt lov!

IMG_9022

Slå ismassen i ei passeleg plastboks med lokk. Eg brukte ei avlang Tupperware-boks og den var heilt super til dette formålet! Set isen i fryseboksa i minst fire timar før servering.

IMG_9025

Ta ut isen 10-15 minutt før servering slik at den får mjukne litt. Løsne rundt kantane og slå den over på ei skjærefjøl. Del deretter opp i passelege serveringsstykke. Eg hadde tenkt å bruke isskei, men fekk det ikkje heilt til. Dessutan syntest eg at snittflatene vart så fargerike og flotte å sjå på!

IMG_9028

Server isen i fargerike skåler, plastglas eller lag kuler og ha dei i kjeks. Isen smakar absolutt best om den får verte litt temperert.

IMG_9035

Denne oppskrifta er utruleg enkel og ein kan trygt setje ungane i gong på kjøkkenet. Den kan sjølvsagt varierast på mange måtar:

  • Som kjeks kan du bruke Gullvafler (eg brukte sjokoladevarianten), Oreo, Maryland cookies etc.
  • Du kan bruke minimarshmellows eller skumputer som du får i smågodtdisken.
  • Bruk vaniljeyoughurt i staden for naturell
  • Bruk youghurt med smak og tilsett frukt i staden for snop
  • Som snop kan du bruke alt mogleg; Non Stop, hakka sjokolade, hakka twist, knust tyrkisk pepar, lakriskbitar etc.

Håper vi får mange flotte iskremdagar i sommar!!!

lørdag 14. mai 2011

Marinert grapefrukt – ei smaksoppleving!

Etter å ha skrive om grapefrukta sine positive sider, har eg fått nokre tips på oppskrifter. Cathrine sende meg eit tips om marinert grapefrukt og det måtte eg sjøvlsagt prøve!

IMG_8389

Fyrst skar eg ut grapefruktfilètane og la dei i ei eldfast form. Også denne gongen pressa eg juice av alt som var til overs. Eg brukte tre grapefrukter og fekk om lag tre dl fantastisk juice!

IMG_8391

Så dryste eg over raust med heimelaga vaniljesukker. Dersom du ikkje har det, nyttar du sjølvsagt det du har! La grapefrukta stå på benken i ein time. Slå ovnen på 250 grader og sett inn filètane. Dersom du har grill på ovnen din er det supert å bruke den! Då må du kike på filètane ofte slik at dei ikkje vert brent. Steikjetida kan variere litt frå omn til omn, men mine stod i ca eit kvarter (eg brukte ikkje grill).

IMG_8456

Dei ferdige filètane smakar nydeleg som tilbehør til is eller andre dessertar, eller dei kan etast som dei er! Vi er inne i ei “ikkje ete is så veldig ofte”-periode, så her vart dei inntatt naturell!

grape

Velbekomme!

søndag 8. mai 2011

Smaken av grapefrukt.

Grapefrukt har eit ufortent dårleg rykte. Vi tenkjer ofte på den som beisk og litt sur, men der er eg altså ikkje samd. No bugnar det av ferske, herlege grapefrukter i daglegvarebutikken min og eg må stadig plukke med meg nokre heim. Her kjem nokre tips som garantert vil gi deg lyst til å ta med nokre grapefrukt heim frå butikken!

Grapefruktsalat

IMG_8119

Du treng ei grapefrukt og ein appelsin. Det fyrste du må gjere er å skjære av alt skalet. Det kan vere lurt å skjære av toppen og botnen fyrst slik at frukta ligg stødig. Deretter tek du ein god kniv og skjær vekk alt skalet. Pass på å få vekk alt det kvite.

IMG_8118

Bruk ein god kniv og skjær ut filètar av fruktene. Det vil seie at du skjær mellom dei kvite “skiljeveggane” i frukta, då dei kan vere noko seige å bite i. Legg ruccola eller annan grøn salat i botnen av eit fat og fordel appelsin –og grapefruktfilètar over. Strø gjerne over skiva mandlar. Nyt grapefruktsalaten ein lun sommarkveld ute på terrassen eller innandørs ein regnvèrsdag når du treng litt energi og solskin!

IMG_8128

Det vert mykje til overs når du har skrella og tatt ut filètane av grapefrukt og appelsin, og det må sjølvsagt ikkje gå til spille! Legg alt i ei sitronpresse og skvis ut all juicen. Den silar du og drikk akkurat som den er! Utruleg godt!!!

Det kjem nok eit grapefrukt-tips i morgon, så det er berre å ta med seg ei grapefrukt heim etter handleturen i morgon og prøve ut tipsa mine!

Dersom du vil lese meir og frukta og få tips til fleire oppskrifter, kan du sjekke ut frukt.no.

mandag 25. april 2011

Har du ei oppskrift til meg???

Basilikum er ein av dei beste sommarsmakane eg veit om. Stort sett brukar eg basilikum til pesto, eller som pynt på smørbrød eller i salatar.

IMG_7918

I år har eg bestemt meg for å utvide horisonten min litt. Eg treng difor hjelp frå lesarane som vitjar kjøkkenbenken min! Har du ei god oppskrift der basilikum spelar hovudrolla??? Eller ei oppskrift der basilikum set prikken over i’en?

IMG_7921

Har du ei oppskrift på ein dessert, der basilikum er meir enn berre pynt på toppen eller ein viktig del av det visuelle heilskapsinntrykket?

IMG_7922

Det er superenkelt å så sin eigen basilikum! Eg er godt i gong med Jamie Oliver sine små potter som er å få kjøpt på Plantasjen. Det er sjølvsagt mykje billegare å kjøpe frø og så i mold på vanleg vis, men eg er så glad i å prøve noko nytt! Eg har allereie smakt på dei små, uferdige basilikumblada – det var svært godt!

Dersom du har ei god oppskrift til meg, kan du anten leggje den att i kommentarfeltet her på bloggen, sende den på e-post til tovehd(alfakrøll)hotmail.com eller på facebooksida til “På kjøkkenbenken” (her må du gjerne vert medlem!).

Eg blir veldig glad for alle bidrag!!!