NB! Work in progress - bloggen endrar seg og veks seg til smått om senn.... Takk for at du tek turen innom!

mandag 25. april 2011

Har du ei oppskrift til meg???

Basilikum er ein av dei beste sommarsmakane eg veit om. Stort sett brukar eg basilikum til pesto, eller som pynt på smørbrød eller i salatar.

IMG_7918

I år har eg bestemt meg for å utvide horisonten min litt. Eg treng difor hjelp frå lesarane som vitjar kjøkkenbenken min! Har du ei god oppskrift der basilikum spelar hovudrolla??? Eller ei oppskrift der basilikum set prikken over i’en?

IMG_7921

Har du ei oppskrift på ein dessert, der basilikum er meir enn berre pynt på toppen eller ein viktig del av det visuelle heilskapsinntrykket?

IMG_7922

Det er superenkelt å så sin eigen basilikum! Eg er godt i gong med Jamie Oliver sine små potter som er å få kjøpt på Plantasjen. Det er sjølvsagt mykje billegare å kjøpe frø og så i mold på vanleg vis, men eg er så glad i å prøve noko nytt! Eg har allereie smakt på dei små, uferdige basilikumblada – det var svært godt!

Dersom du har ei god oppskrift til meg, kan du anten leggje den att i kommentarfeltet her på bloggen, sende den på e-post til tovehd(alfakrøll)hotmail.com eller på facebooksida til “På kjøkkenbenken” (her må du gjerne vert medlem!).

Eg blir veldig glad for alle bidrag!!!

mandag 18. april 2011

Laks a`la Else Marie!

Syskenbarnet mitt har vorte ein skikkeleg gourmetkokk. Fredag var vi ein gjeng klubbdamer som var heime hos henne, og kvelden vart ein suksess!

Ho serverte tre rettars middag med fem ulike sortar kvitvin til. Hovudretten var laks med soltørka tomat, fetaost og creme fraiche. Eg måtte sjølvsagt prøve meg på dette og serverte det til familien i dag.

IMG_7676 

Til fire vaksne personar treng du:

  • 1 kg skinn- og beinfri laks
  • Fetaost i terningar
  • soltørka tomat, skjær i strimlar
  • 1-2 beger creme fraiche
  • Salt og pepar

Slik gjer du det:

Legg laksebitane i ei eldfast form. Strø over godt med salt og grovkverna pepar. Strø over fetaost og soltørka tomat.

IMG_7677 IMG_7682

Bruk ei spiseskei og fordel creme fraiche over dei øvrige ingrediensane.

Set retten i ovnen på 225 grader og la det steikje i 25-30 minutt.

IMG_7690

Server med poteter og smørdampa grønsaker. Bruk gjerne ei fersk wokblanding. Grønsaken skal vere akkurat passe møre. Steik dei i smør til dei vert mjuke og gylne.

søndag 17. april 2011

No need for “Hatting” when you have “No knead”!

Dersom du vil overraske familien med supergode rundstykkar i morgon tidleg, kan du prøve denne oppskrifta på verdens enklaste og absolutt BESTE rundstykker! Du treng slettes ikkje å kjøpe “Hatting” i frysedisken!

Hemmelegheita er lang hevetid, få ingrediensar og lite arbeid med deigen. For å lage dei treng du:

  • 500 g kveitemjøl
  • 1 1/2 ts salt
  • 1/4 ts tørrgjær
  • 4 dl kaldt vatn

Dersom du vil pynte dei litt kan du bruke: raspa ost, valmuefrø, kruskakli, havregryn eller andre ting du likar godt!

Bland først det tørre og tilsett så det kalde vatnet. Rør godt med ei spiseskei til alt mjølet er blanda med vatnet. Den skal vere klissete. La den stå på benken til neste morgon. Deigen blir superglad om den får heve på kjøkkenbenken i 12 timar – heilt til neste morgon!

IMG_7657

Neste morgon står du opp før alle andre og går på kjøkkenet for å setje steikeomnen på 225 grader. Deretter dekkjer du to bakeplater med bakepapir og leitar fram deigen du sette i går. Bruk ei skei og set 12 rundstykker fordelt på to bakeplater. Det treng slettes ikkje å sjå fint ut – dei blir gode uansett. Eg dryssa over litt raspa ost før steiking. Steik dei i omlag 15 minutt, eller så lenge dei treng for å vert gylne og fine.

IMG_7671

Har du sett noko så deilig??? Ungane meinte det var verdens beste rundstykker og eg må seie meg samd med dei i det! Og så er det så utruleg enkelt å lage dei. Eg har ei ny deig på benken i kveld. Denne gongen bytta eg ute noko av kveitemjølet med kruskakli. Så lenge du held deg til 500 g med mjøl, så kan du i grunnen blande det mjølet du vil!

Det er skjønne Ina med bloggen “Mat på bordet” som er “No knead”-dronninga i blogglandia, og det var hos henne eg fann denne oppskrifta.

lørdag 2. april 2011

Lynkjapp laurdagslunsj!

Eg har aldri i mitt liv brukt ansjos i matlaginga. Til nøds har eg hatt det på kokt egg, men då godt kamuflert med saftige og søte tomatar. Eg blir likevel inspirert av kokkar som brukar ansjos ofte, og Rachael Ray er ein av dei kokkane.

Denne retten er superenkel å lage. Ingrediensane er få, smaken er stor og du vil garantert la deg overraske!

IMG_7065

Til to personar treng du dette:

1-2 boksar ansjos, ei boks hermetiske tomatar, 1/2 løk, 2 fedd kvitløk, salt, pepar, ei lita klype sukker og spaghetti.

Dersom dette er fyrste gongen du brukar ansjos i matlaginga, vil du la deg overraske av det som skjer når ansjosen blir lagt i god olje på steikepanna; den smeltar!!!

IMG_7064

Slik gjer du det:

  • Legg ansjosen i ei god og varm steikjepanne med olje. Hald ansjosen i bevegelse i panna. Den vil no “smelte”.
  • Ha løk i panna i lag med ansjosen. La det heile surre til løken er mjuk og gyllen.
  • Tilsett dei hermetiske tomatane og smak til med salt, pepar og ei lita klype sukker.
IMG_7071
  • La blandinga surre på svak varme medan du kokar spaghettien til al dente.
  • Slå tomat- og ansjonsblandinga over nykokt spaghetti og server!

IMG_7075

Denne retten har vorte ein lunsjfavoritt her i huset. Ungane likar det også! Det fine er at det går kjapt å lage og dei fleste ingrediensane har eg stort sett i hus.

“Intet menneske er ensomt

når det spiser spaghetti!”

-Robert Marley-

søndag 6. mars 2011

Ja visst, kan 3-åringar lage foccacia…

…om dei berre får lov!

Å lage foccacia er ei takknemleg oppgåve. Deigen blir alltid vellukka, den er god å jobbe med og ein kan putte alt mogleg opp i deigen! Dette er eit godt utgangspunkt for å la ungane vere med på å bake!

I går laga eg og 3-åringen foccacia. Ho tok ganske raskt kommandoen over bakinga og var kuttesjef for alle ingrediensane. Eg målte opp alle ingrediensane, men det var også mi einaste oppgåve.

Oppskrifta vi brukte i går var ein miks av minst tre andre oppskrifter. Hovudingrediensane var svart oliven, fetaost og soltørka tomat.

Foccacia

Dette treng du:

1 kg kveitemjøl

1 pakke fersk gjær+ 2 ts sukker

5 dl lunka vatn

Ha mjøl i en bakebolle og lag ei grop i midten. Smuldre gjæra ned i gropa. Slå over vatnet og rør i mjølet litt og litt til smidig deig. Bruk gjerne kjøkkenmaskin til å få deigen godt nok bearbeida. PS! Den framstår som litt fast… Dekk deigen med plast og hev på ein lun stad i 15 minutt.

Medan deigen hevar ordnar du med “fyllet”:

150 g svart oliven

150 g soltørka tomat

150 g fetaost

Del alle ingrediensane i mindre bitar. Det treng på ingen måte å vere perfekt kutta, la gjerne ungane gjere det! Når deigen har heva 15 minutt skal du tilsette litt fleire ingrediensar.

Til resten av deigen treng du:

4-6 ss olivenolje

2 ts salt

oliven, soltørka tomat, fetaost

(evt. finhakka rosmarinnåler)

Slik gjer du det:

Ha alle ingrediensane i lag med den heva deigen i bakebollen. Elt alt saman godt, bruk gjerne kjøkkenmaskin. Du kan med fordel bruke litt tid på dette arbeidet! La gjerne ungane få gjere dette arbeidet! Dei små hendene klarer fint å knøde deigen og dei likar som regel godt å få “klissje” litt olje!

Når alt er godt blanda dekkjer du bakebollen med plast og set til heving i ein time på ein lun stad.

foccacia1

  F

  O

  C

  C

  A

  C

  I

  A

Ta den ferdigheva deigen og velt alt over på ei bakepapirkledd langpanne. Ha litt olje på hendene og trykk den godt utover. Bruk fingertuppane og trykk hòl i deigen. Slå rikeleg med olje over slik at det er er olje i alle hòla. Knus Maldonsalt mellom fingrane og strø over heile foccaciaen.

Ha plastfolie over langpanna og la brødet heve i 15 minutt på benken. Set det så i omnen på 200 grader i 40 minutt. Sjekk undervegs at det ikkje vert for mykje steikt.

Legg det ferdigsteikte brødet på ei rist med eit klede over slik at det får kjøle seg litt.

Skjære brødet i små bitar og server. Smakar nydeleg til pastasalat! Men det aller beste er å ete brødet åleine, med ein god aioli som einaste følge! Nam….

tirsdag 1. mars 2011

Bolledeig med suksess!

Gjærbakst er ikkje mi sterkaste side. Grovbakst til kvardagsbruk kan eg vere ein racer på, men fine, søte bakverk er ikkje heilt mi greie.

I går prøvde eg ut ei ny bolleoppskrift og den vart suksess! Eg har dobla den opprinnelege oppskrifta, orfordi eg meiner at eg like godt kan bakste stort når eg først bryr meg!

skillingsbolle Dette treng du:

300 g smør

12 dl mjølk

100 g gjær (helst ferskgjær)

2 egg

3 dl sukker

2 ts kardemomme

ca 2 kg kveitemjøl

Slik gjer du det:

Smelt smøret, ha i all mjølka og varm til 37 grader. Rør gjæra ut i mjølkeblandinga og ha alt over i ein stor bakebolle. Tilsett samanpiska egg, sukker, kardemomme og mjøl. Elt deigen i ca 5 minutt i kjøkkenmaskin. Tilsett evt meir mjøl slik at deigen vert smidig.

Dekk bakebollen med plast og set til heving på ein lun stad i 30-40 minutt.

Deigen kan brukast til minst tre ulike bakverk:

  • vanlege bollar
  • skillingsbollar
  • kveitekrans/klippekrans med fyll

Den ferdig heva deigen vart delt i to. Eine delen laga eg skillingsbollar av og den andre halvdelen vart til ein stor kveitekrans med fyll.

skillingsbolle1

Slik laga eg skillingsbollane:

Den eine halvparten eg hadde tatt unna til skillingsbollar vart delt i to ein gong til. Kvar halve vart kjevla ut til rektangel i passe tjukkelse. På toppen av kvart rektangel smurte eg eit lag med mjukt, godt smør og strødde over sukker og kanel. Så rulla eg det heile saman og skar skiver (om lag 1 cm tjukke).

Skillingsbollane vart lagt på bakepapirkledd bakebrett og fekk etterheve i om lag 30 minutt. Rett før steiking trykte eg ned midten på nokre av skillingsbollane og fylte dei med vaniljekrem. Det er som regel desse skillingsbollane som vert oppetne fyrst!

Eg steikte dei i ovnen på 230 grader i 12-14 minutt. Følg med undervegs, for alle omnar er ulike! Bollane skal ikkje vere for mørke!

Slik laga eg kveitekransen:

Eg tok den eine halvparten av deigen og kjelva den ut til eit stort rektangel. På midtfeltet smurte eg eit lag med makronfyll. Det kan du lage sjølv eller du kjøper eit halvfabrikat på butikken. På toppen av dette la eg eit tjukt og godt lag med vaniljekrem. Så bretta eg fyrst deigen inn frå den eine sida og så bretta eg inn deigen frå den andre sida. Du må altså tenkje deg at rektangelet skal delast i tre delar på langs. Pass på at du brettar inn endane så ikkje fyllet lek ut.

Få hjelp av eit par hender til og løft kransen over på bakepapirkledd bakebrett. Dersom du ikkje har nokon til å hjelpe deg klarer du det fint sjølv om du gjer det kontrollert og forsiktig. Kransen skal ligge med brettane ned, d.v.s. at den delen av kransen som låg ned mot benkeplata skal ligge opp når den har kome på bakebrettet.

skillingsbolle2

Når eg har fått lagt kransjeken over på steike- brettet, tek eg ei rein saks og rett og slett klipper ned i kransen.

Du kan gjere mykje eller lite ut av dette. Eg gjorde ikkje annan enn å klippe. Dei klipte hòla opnar seg fint opp når kransen vert steikt.

La kransen på etterheve under eit klede på ein lun stad.

Pensle den godt med egg før du steikjer den.

Kransen skal steikjast på 225 grader i omlag 30 minutt. Følg nøye med under steikjeprosessen og sjå til at den ikkje vert steikt for mykje. 

Kransen kan pyntast med melis før servering.

Oppskrifta fann eg i eit bilag i Allers.

Nokre viktige råd til bollebakarar:

  • Sørg for at alle råvarene ha romtemperatur
  • Elt lenge nok!
  • Hev lenge nok!
  • Pass på at deigen er dekt til under heving så ikkje deigen vert tørr!
  • Kna deigen godt etter heving, før du startar å lage bollar
  • Etterhev lenge nok!
  • Dekk til bollane så godt som råd når dei står til heving.
  • Gjærdeig har det absolutt best i lune omgjevnader! Unngå at der er trekk frå vindauge, dører etc der gjærbaksten står til heving.

LUKKE TIL MED BAKSTEN!

lørdag 12. februar 2011

Smørdampa kveite med bruna løksmør og ertepurè!

Når det gjeld kveite har eg vore veldig tradisjonell kvar gong eg har laga det. Eg har stort sett trekt den i vatn med salt, pepar og laurbærblad, sett den kaldt og servert den kald dagen etterpå. Etter å ha surfa litt på bloggen til Margit Vea fann eg oppskrifta på verdens beste kveitemiddag! Her har du oppskrifta!

kveite

Dette treng du:

200 kveitefilet

3 dl vantn

1 Kvast(er) frisk rosmarin

(eg droppa den)

300 g meierismør

Bruna løksmør:

1 løk

1/2 ts salt

1 ss olje

100 g smør

Del kveitefileten i porsjonsstykker.

Kutt smøret i terningar.

Kok opp vatn, litt salt og rosmarin. Trekk kjelen litt til side. Det må ikkje koke for mykje, då har “sausen” lett for å sprekke.

Rør inn litt og litt av smørterningane. Rør heile tida medan du tilsett meir og meir smør. Når det har vorte ei jamn og fin masse legg du fiskestykka ned i kjelen.

La fisken trekke i smørvannet. Trekketida varierer med storleiken på fiskesytkka. Mine trekte mellom 5 og 10 minutt.

Slik lagar du bruna løksmør:

Skrell og skjær løk i tynne strimlar.

Ha olje i ei panne og brun løken på svak varme.

Tilsett saltet, dette gjer at løken slepp litt av væska. Då blir løken karamellisert.

Mot slutten av steiktida har du i smøret. La smøret steike litt med.

kveite1

Dette treng du for å lage grøn ertepurè:

350 g grøne erter, frosne

1 l vann

3 ss salt

4 ss kraft

50 g meierismør

salt og pepar

Slik gjer du det:

Kok opp vatn og salt. Ha i ertene og kok dei i ca. 5-6 min. Sil av kokevantnet. Tilsett litt av kokevatnet frå fisken i erteblandinga. Køyr dette saman med ein stavmiksar. Tilsett smør og køyr litt til.

Smak til med salt og pepar.

Server den nydelege retten på tallerkenar. Start med å legge ertepureén nederst, legg fiskestykket opp på og dander med løksmøret rundt. Pynt med friske urter. Dampa poteter og gulrot er eit naturleg tilbehør!

kveite2