NB! Work in progress - bloggen endrar seg og veks seg til smått om senn.... Takk for at du tek turen innom!

mandag 31. januar 2011

Min fyrste gjestebloggar lagar sushi!

Planen min for denne matbloggen er allsidig, og for å variere har eg tenkt å ha gjestebloggarar på kjøkkenbenken. Av og til kan det hende eg inviterer meg sjølv heim til folk som lagar god mat og har eit spennande konsept, andre gongar er det kanskje eg som står for matlaginga på ein framand kjøkkenbenk, eller så får eg folk til å sende inn tekst og bileter til eit blogginnlegg.

Sushi11 Fyrste gjestabloggaren min er ein god kollega; Kari Velle Eiskund. Ho hadde invitert flotte damer over på sushi og tok gledeleg i mot utfordringa med å dokumentere og skrive om hendiga!

Værsågod; her er Kari sine ord og bileter!

Eg er ingen gourmet, men eg elskar god mat. Er ikkje maten god er den ikkje verdt kaloriane i den. Maten skal helst vere laga frå grunnen av, posesupper og sausar er eg ikkje glad i. Eg er ikkje snobbete, eg et det meste, men ikkje alt eg lagar sjølv eller får servert får fram sterke kjensler i meg.

Nokre gongar gjer mat meg lykkeleg. Sushi er mat som har slik verknad på meg. Eg kan ikkje så mykje om sushi, og eg har ikkje ete det meir enn 6-7 gongar i løpet av nokre få år. Dei måltida har likevel gjort inntrykk på meg, ei gryande forelsking har blitt til ekte kjærleik.

I det siste har eg lengta meg ut av Ørsta, eg vil ut og reise, få luft under vingane, oppleve noko nytt, møte spanande menneske, ete god mat. På formiddagen i går gjekk eg til biblioteket for å levere inn ei bok, og eg lengta etter andre gater, spanande butikkar, nye impulsar. Eg tenkte at eg skulle hatt meg ein Oslo-tur, gå ut der ingen kjenner meg og ete deilig sushi.

-Tenk om eg kunne lært meg å lage det sjølv, tenkte eg, og før eg hadde tenkt tanken ferdig hadde eg bestemt meg. På veg heim drog eg innom Coop og kjøpte det eg meinte eg trengde. Damene som skulle komme på vin og Cognac om kvelden vart informert om prosjektet mitt, samt alle venene på facebook.

Sushi9

Eg leste meg opp på nettet før eg byrja, og når klokka bikka 18.00 var eg i gang. Det såg ikkje vanskeleg ut, dette skulle eg klare.

Dette var råvarene eg hadde:

- Sushiris

  • Japansk riseddik

  • Tangpapir

  • Bambusmatte til å rulle

  • Salmalaks

  • Reker

  • Sitron

  • Agurk

  • Avokado

  • Sukker og salt

Til servering: japansk soyasaus, wasabi og sylta ingefær.

Eg kokte all risen, 500 g. Det er betre med for mykje enn for liten.

Risen skal skyllast godt, og kvile i 10 min. før koking. Vatnet skal gå ca 2 cm over risen, og skal koke som anna ris. Etter at risen er ferdig skal den kvile litt, og så skal det hellast over ei eddikblanding før risen skal avkjølast.

Sushi8 Sushi7

Mi blanding bestod av heile flaska med riseddik (150 ml), 200 g sukker, 1 dl vatn, og litt salt og litt sitron. (Eg las litt ulike oppskrifter, kor mykje riseddik som skal blandast i varierer litt.) Du varmar opp blandinga, men den skal ikkje koke. Avkjølast før du blander den inn i risen. Risen skal avkjølast raskt, og la den utover eit stort serveringsfat.

Sushi3Sushi4 Sushi5 

No kutta eg laksen opp i tynne skiver, nokre mm. tjukke. Eg pilla rekene som vart kjøpt frosne fordi dei ikkje hadde ferske. Agurken skar eg i stavar, og avokadoen i båtar.

Sushi2 Sushi1

Først laga eg maki(rullar). Eg la plastfolie på bambusmatta og pressa ris utover med hendene. Over la eg eit tang-ark. I midten la eg laks, agurk og avokado. (Det vart litt mykje fyll viste det seg.) Eg rulla saman så stramt eg klarte. Eg rulla ein til, men då byrja eg med tang-ark, pressa ris over, og fylte med reker og avokado. Med trening vert det nok finare og strammare rullar med mindre fyll.

Sushi Sushi6

Etterpå brukte eg resten av risen til nigiri. Det er rispølser med fisk oppå. Eg forma små firkantar med hendene og la dei fint på serveringsfat. Under fisken skal det vere litt wasabi, men eg blanda med kremost etter tips på nettet.

Når gjestene kom var det dekka bord, stearinlys, mat på fat og ei stolt vertinne. Det var heller ikkje dumt med imponerte gjester. Golva hadde eg ikkje fått tid til å vaske, og ikkje hadde eg fått skifta klede heller. Likevel var det var ingenting ikkje litt dempa lys, øl, vin og Cognac kunne gjere noko med. Gjestene duppa fiskebitar i soyasaus med wasabi, og dei låt vel.

sushi10

På ein januar-laurdag i Ørsta hadde eg lengta meg vekk, utfordra meg sjølv og lært meg sjølv noko nytt. I tillegg delte fire flotte damer tankar til rundt kl. 3.00 om natta. I dag tenkjer eg at eg må sjå på kva eg kan få til her i Ørsta i staden for å lengte meg vekk.

TUSEN TAKK, KARI! Trur jammen du klarte å få meg til å ha lyst på sushi!!!

søndag 30. januar 2011

Sticky chicken!

Etter at eg har starta med matblogging, har mange spurt om eg ikkje kan dele ymse oppskrifter. Syster mi har bestilt ei oppskrift på “Sticky chicken”. Den har tidlegare vore publisert på den andre bloggen min, men kjem i reprise her.

Matrettar av kylling er noko av det som er kjekkast å lage og som smakar best. Det er eit utal ingrediensar som let seg kombinere med kylling, og resultatet blir stort sett bra uansett korleis ein miksar og blandar.

Denne retten er USA-inspirert, og kan lagast med ulike ingrediensar. Men du må ha med ein eller fleire ingrediensar som gir det klissete og søte sluttresultatet. Ein god og smakfull marinade er den store løyndomen med denne oppskrifta.

Dette treng du:

  • kylling i ulike bitar eller rå kylling som du deler opp i små, høvelege stykker. Nokre er krydra/marinerte frå før, dei brukar eg å legge i kaldevatn slik at krydderet vert vaska vekk. Det passar ikkje ilag med marinaden eg brukar. Dersom du kjøper frosne lår/vingar, må dei vere godt tint før du har på dei marinaden.

Til marinaden treng du:

  • 2-3 dl søt chilisaus
  • 1-2 dl søt soyasaus (helst Kecap Manis, det får du på Eurospar)
  • 5 ss flytande honning
  • litt salt
  • litt kyllingkrydder
  • 2 lime
  • 1 sitron (skal skal raspast over kyllingen før servering)
  • CA 2 dl god olivenolje
  • 3 ss sirup

Slik gjer du det:

Bland alle ingrediensane til marinaden. Du må raspe skalet av limen (finraspa) og skivse i all safta. Eg gjer merksam på at eg stort sett lagar denne marinaden på slump og har aldri tenkt særleg over kor mykje eg har brukt av dei ulike ingrediensane.

Slå blandinga over kyllingbitane og la det stå og marinere på kjøkkenbenken i 1-2 timar (alt etter kor god tid du har!).

sticky chicken

Slå det heile over i ei langpanne og steik på 200 grader i ca 1 time. Då er all krafta frå marinaden kokt inn, og ligg som eit klissete lag rundt kyllingen. Dersom du synest det er mykje marinade att i langpanna, så er det berre å steikje det litt til, gjerne på varmluft. Rasp over sitronskal før servering. Dette er mat som må etast med fingrane, og då er våtserviettar obligatorisk på bordet!

sticky chicken1

Ovnssteikte poteter er supert følge til denne retten. Dersom ein berre har ein steikjeovn, kan det kanskje vere litt utfordrande å servere slike poteter som tilbehør. Eg flyttar kyllingen nederst i omnen etter ein halvtime og så set eg inn potetene. Då slår eg på varmlufta og aukar temperaturen litt.

ENJOY!

lørdag 29. januar 2011

Laurdagsvafler!

På laurdagar skal ein ete vafler. Det har farmor lært meg! Vaffelrøre er som regel noko ein lagar utan oppskrift, og så smakar vaflene godt uansett! I dag har eg derimot nytta meg av ei oppskrift som eg fann på Matmons.net. Ingrediensane var dei same som eg brukar, men framgangsmåten var litt annleis.

vaffel 

Dette treng du:

10 dl kveitemjøl
3-4 ts bakepulver
2 dl sukker
litt vaniljesukker
1/2 ts kardemomme
10 dl mjølk
4 samanvispa egg
300 g smør

vaffel1

Slik gjer du det:

Rør saman kveitemjøl, bakepulver, sukker og kardemomme.
Rør deretter inn mjølka.
Rør godt til røra er jamn og utan klumpar. La den stå ei stund så den kan svelle (15-20 minutt).
Tilsett deretter egg og smelta smør.

vaffel2

Alle konkluderte med at vaflene var særdeles gode! Av og til løner det seg å bruke oppskrift… Eg brukte litt mindre smør enn det som stod i oppskrifta. Dess meir smør du brukar, dess meir sprø vert vaflene. Eg likar dei best når dei er mjuke og gode. Pass på at du ikkje steikjer dei for lenge.

Vi åt vaflene med rømme og rørt bringebærsylte!

GOD LAURDAG!!!

onsdag 26. januar 2011

Anbefaling; KOKEBOK

Tidlegare i bloggen har eg skrive at eg vil anbefale kokebøker. La det vere sagt med ein einaste gong; eg er på ingen måte sponsa av nokon for å gjere dette. Eg er eigar av eit minibibliotek med kokebøker, og alle mine anbefalingar er av bøker i “biblioteket”.

Dagens kokebok har eg rett noke fått med kokken sjøl og har vorte veldig glad i den!

familiekokeboka

Tom Victor Gausdal og Ole Martin Alfsen er to av favorittkokkane mine. Eg har stor sans for lidenskapen for kortreist mat og sunne, friske råvarer.

familiekokeboka2

Oppskriftene er svært enkle å følge. I tillegg skriv dei kor mykje tid ein må berekne til retten.

familiekokeboka1

Boka har svært instruktive og flotte illustrasjonar for alle desse tinga du trur du kan, men som det slettes ikkje skadar å få vist ein gong til.

Familiekokeboka3 

Tommelfingerreglar for dei som treng litt ekstra innføring i kokkekunsten (og det gjeld vel mange av oss, vil eg tru…).

Familiekokeboka5

Kjekt med kokkeknep om ein vil imponere litt ekstra!

Familiekokeboka7

Heile boka er krydra med tips og idèar som kan gjere kven som helst endå betre på kjøkkenet!

Familiekokeboka6

Desse to karane har laga ei strålande kokebok med oppskrifter som er tilpassa kvardagskjøkkenet og kvardagskokken.

Om eg skulle hatt berre ei kokebok på kjøkkenet, så hadde det heilt klart vore denne! Denne kan du med fordel ynskje deg om du har bursdag snart eller berre vil unne deg ei fantastisk kokebok! For ikkje å snakke om for ei super gåve det er!!!

Eg blir i godt humør av å lese i denne boka!

Tusen takk, Ole Martin og Tom Victor!

søndag 23. januar 2011

Søndagskake!

 

“På kjøkkenbenken” har ei eiga gruppe på Facebook, der eg legg ut lenkje til blogginnlegg. Der har eg også oppmoda medlemmane om å dele favorittoppskriftene sine. Mi gode venninne, Ann Helen, har delt ei kakeoppskrift som er ganske smart. Du lagar ei røre, og den er utgangspunkt for fem ulike kakevariantar. Her kjem grunnoppskrifta:

Du treng:

2 egg

2,5 dl sukker
125 g smør
1 dl mjølk
3 dl kveitemjøl
2 ts bakepulver

Slik gjer du det:

♥ pisk eggedosis
♥ smelt smøret og hell i mjølka. La det koke opp og hell i eggedosisen under kraftig visping.
♥ rør inn mjøl og bakepulver; rør til deigen er jamn.
♥ steik i 30 – 45 min ( alt ettersom kva du puttar i; eplekake treng 45, sjokolade ca 25-30) på ca 180 grader.

søndagskake

Fem ulike smaksvariantar:

Sitronkake: tilsett rive skal av ein sitron
Krydderkake: tilsett 1 ts nellik, 2 ts kanel, eit knivsodd ingefær
Nøttekake: 100 g malte hasselnøttkjerner og 75 g grovhakka sjokolade
Fruktkake: Rive skal av ein sitron, 3 ss rosiner + bær eller hakka svisker
Eplekake: Tilsett eplebåtar av 3 – 5 eple ( alt etter kor store dei er ) + sukker og kanel
Sjokoladekake: Tilsett 2 ss kakao, samt ei plate smelta kokesjokolade og ca. 50 g grovhakka valnøtter

…eller du lagar din heilt eigen variant! Pga nøtteallergi i heimen måtte eg kutte ut nøttene då eg laga sjokoladevarianten. I staden for tok eg litt marsipan som var til overs etter jul, skar den i små bitar og putta dei i røra. Det vart kjempegodt!

Det er viktig at du passar på steikjetida. Eg steikte kaka i 30 minutt, det viste seg å vere litt for mykje. Trur den hadde vorte litt saftigare om eg hadde steikt den i 25 minutt. Bruk kakepinne og prøv deg fram!

søndagskake1

God søndag til alle!

lørdag 22. januar 2011

Greskinspirerte kjøttbollar med ein touch av Jack Daniels!

Så lenge maten smakar godt og ingrediensane ikkje øydelegg for kvarandre, så meiner eg det må vere lov å mikse ulike smakar og ulike mattradisjonar!Kjøttbollane eg har laga i dag blandar det greske og det amerikanske kjøkkenet. Og resultatet; nydeleg…

kjøttbollar

Dette treng du:

2 pakkar mager svinekjøttdeig

3-4 ss fetaost (eller så mykje som du vil!)

2 fedd kvitløk

1-2 ss soltørka tomat

salt og pepar

ca 1 urter etter eige ynskje (eg bruker kverna Toscanakrydder)

2 rause ss Jack Daniels-saus

1 ss soyasaus

smør eller olje til steiking

Framgangsmåten er svært enkel og kjekk:

♥ Putt alt i ein stor bolle og bland godt, bruk hendene!

♥ Form små kjøttbollar med hendene og steik dei. Det er nok deig til at du må steikje i to runder.

♥ La bollane steikje til dei har fått ei delikat og brun steikjeskorpe.

♥ Set kjøttbollane i steikjeomnen (200 grader i om lag 10 minutt) medan du ordnar med tilbehøret. Bruk ei eldfast form eller set inn steikjepanna (dersom handtaket kan takast av).

kjøttbollar1

Det er mykje tilbehør som er godt til denne retten:

♥ God pasta

♥ Heimelaga potetstappe

♥ Ovnsbakte poteter

♥ Fargerik salat med søte tomatar

…og sjølvsagt:

♥ Jack Daniels-saus (den kan du sjølvsagt lage sjølv, men velassorterte daglegvareforretningar har god saus på flaske).

fredag 21. januar 2011

Pasta bolognese a’la Tove

Veslesyster mi oppmoda meg om å legge ut oppskrifta mi på pasta bolognese. Eg skal ikkje skryte på meg at dette er ein autentisk bolognesesaus, men eg har i alle fall funne fram til ei oppskrift som fell i smak med store og små i familien.

Du treng:

god pasta

2 pakkar kjøtdeig eller karbonadedeig

3-4 gulrøter

2 selleristenger

1 løk (raud eller vanleg)

2 fedd kvitløk

2 bokser hermetisk tomat

salt og pepar

ein liten klump smør og ein dæsj sukker for å framheve og avrunde smakane

riven ost til å strø over til slutt

Bolognese Bolognese1 Bolognese2

Slik gjer du det:

Start med å vaske og skrelle grønsakene. Finkutt sellerien (særs barnevennleg!), strimle gulrøtene eller bruk potetskrellaren og skav av gulrota, hakk løken i så små eller store bitar som du ynskjer!

Steik kjøtdeig eller karbonadedeig, hakk i små bitar. Tilsett selleri, gulrot, løk og kvitløk. La det heile surre på panna til alt er mjukt. Smak til med salt og pepar.

Bolognese3 Bolognese4

Tomat er ein viktig del av pasta bolognese. Eg brukar to boksar hermetiske tomat. Denne gongen brukte eg ei boks vanleg, hakka tomat og ei boks med cherrytomatar. Brukar ofte dei to merka som du ser på biletet og dei er utruleg gode! Slå tomatane over kjøtdeig og grønsaker. Legg i ein klump med godt smør og strø over ei teskei sukker. Dette gir ein fin smaksbalanse til sausen. Dersom du er i det ekstra sunne hjørnet kan du sjølvsagt hoppe over dette.

Bland godt og la det heile surra på panna til sausen kokar inn. Eg let min koke i om lag 25 minutt. Eg har øvrig investert i verdens beste sautèpanna; ekstra brei med høge, gode kantar:

Bolognese7

Kok god pasta medan sausen og kjøttblandinga surrar i panna.

Bolognese6

Eg brukar Jackob’s sine rause og gode pastaskruar!

Bolognese5

Legg pastaskruar på fatet og topp det heile med kjøttsausen og riven ost. Du kan også tilsette riven ost i kjøttsausen rett før servering – gjerne cheddar! Det smakar ekstra godt med ein rask og enkel tomatsalat til!