NB! Work in progress - bloggen endrar seg og veks seg til smått om senn.... Takk for at du tek turen innom!

tirsdag 2. august 2011

“Peach Delight” – og draumen om eit ferskentre…

Av og til skulle eg ynskje eg budde i eit eksotisk land der eg kunne dyrke all slags frukt og grønt. Då skulle eg fyrst og fremst dyrke oliven, og så ville eg ha meg ein lund med ferskentre.

Og når ferskentrea bar moden frukt skulle eg plukke dei forsiktig og gå inn for å lage “Peach Delight”. Det er ei amerikansk dame som har inspirert meg til å lage denne enkle, men supergode desserten!

IMG_1357

Dette treng du:

  • ei korg med modne fersken (8-10 fersken)
  • 5-6 ss sukker
  • 1-2 ts vaniljesukker

Slik gjer du det:

Del kvar fersken i to (bruk god kniv og skjær rundt heile frukta). Vri frukta slik at du får ei halve med stein og ei halve utan stein. Ta godt tak med fingeren og pirk ut steinen.

Skjær frukta i passe bitar og legg dei i ei skål. Strø over sukker og vaniljesukker. Bruk ei skei og bland godt, slik at sukkeret legg seg utanpå frukta. Dekk til skåla og la stå på benken i ca 20 minutt.

IMG_1418 copy

Etter å ha kvilt seg litt på benken vil du sjå at sukkeret har laga som ein deilig fruktsirup. Rør forsiktig rundt og legg så i skåler. Pass på å få med litt fruktsirup på kvart fat. Pynt med ein kvast grønt, gjerne sitronmelisse.

Kan etast akkurat som den er, eller du kan nyte deilig vaniljeis til!

torsdag 21. juli 2011

Sommarleg appelsinsalat på 1–2–3

Ein dansk kokk inspirerte meg til å lage denne salaten. Appelsinsalat smakar godt til det meste, men aller best smakar den til all slags grilla mat og ulike fiskerettar.

Oppskrifta er enkel, smaken er sensasjonell og framgangsmåten grei å handtere for både store og små!

Du treng:

Hjertesalat (andre salatsortar kan òg brukast)

Ruccola

Appelsiner

Granateple-kjerner frå 1 granateple

Pinjekjerner

Appelsinsaft og olivenolje til dressing

IMG_0996

Slik gjer du det:

Legg ingrediensane i denne rekkjefølge lagvis på eit stort fat (ikkje i salatbolle). Først vanleg salat, deretter ruccola og til slutt appelsinene. Skjær først av begge endane slik at appelsina står stødig. Deretter må du skjære av alt skalet og så skjære passe skiver av appelsinen. legg appelsinene i fint mønster over salat og ruccola.

IMG_0998 copy

Nestemann ut i salaten er granateplekjernene. Del granateplet i to (tvers over), legg det på ei skjærefjøl med snittsida til eine sida og rull frukta att og fram. Då vil frøa losne og lande på fjøla. Det vil kanskje renne litt saft når du held på med dette, så då er det fint om du brukar ei fjøl med kant som samlar på all safta. Strø kjernene raust over appelsinene!

IMG_1003 copy

Siste mann ut er pinjekjernene. Rist dei lett i ei varm steikepanne – pass på så dei ikkje vert brende! Strø dei over salaten.

Tilsett dressing av appelsinsaft og olivenolje med pittelitt salt og grovkverna peppar. Alt dette må du ta på ein slump, eg har ikkje eksakte mål! Slå raust over salaten litt før servering!

Prikken over i’en med denne salaten er at du kan samle på all safta som kjem frå appelsinene og granateplet (kvar for seg eller blanda) og drikke det som må vere verdens sunnaste drikk! Og så kan restane av salaten nytast til kvelds – heilt åleine og utan følge på tallerkenen…

Til slutt eit lite tips til korleis du kan bruke salaten:

  • sjå for deg ein deilig sommarkveld med fin temperatur, lav kveldssol og blikkstille sjø
  • ta med deg fisketrode, lån deg ein robåt, ro så langt du orkar og kast ut snøret
  • nyt den fantastiske stilla som ein slik kveld kan by på
  • fisk akkurat lenge nok til ta du har nok fisk til familiemiddag neste dag – kryss fingrar for at du får sei!
  • gjer opp fisken og legg den kaldt til neste dag (skjær vekk beine og skinnet)
  • legg filètane i ein pose med mjøl, salt og pepar – vend forsiktig om til alle filètane er godt dekt
  • sprøsteik i godt smør
  • server med nypoteter, kvit saus, løksmør og appelsinsalat!

SOMMARMIDDAGEN HAR NEPPE SMAKT BETRE!

PS! Har du lyst å følge “På kjøkkenbenken” på Facebook??? Gå inn på denne lenkja og legg deg til!IMG_1090 copy

Lukke er å ligge på bryggekanten, trygt i bestemor sine armar, og kike på småfiskar, krabber og sjøstjerner. Kanskje blir det fisketur i morgon???

lørdag 9. juli 2011

Pigs in a blanket – skikkeleg laurdagskos!

Eg hugsar framleis dei late laurdagsmorgonane som student i Newcastle… Tusle seg ein tur down town og kjøpe ferske aviser og “pigs in a blanket” på veg heim. Ete dei passe varme herlegheitene i handa på veg heim, eller sette seg ned på ein benk og nyte både maten og avisa! Det var tider, det!!! Heilt sidan den gong har eg likt “pigs in a blanket” og kjøpt det kvar einaste gong eg har vore tilbake til England.

“Pigs in a blanket” er ikkje hokus pokus-mat. Det er rett og slett pølser basert på svinekjøt som er rulla inn i butterdeig og steikt i omnen. Det beste med det er at ein ser kor utruleg lett det er å lage sine eigne pølser! Oppskrifta du skal få med meg no er basert på prinsippet om at “man tager hva man haver”. Eg har ingen eksakte mål, men har vore raus med det som eg veit smakar godt og som gir gode smakar til pølsene.

IMG_0175

Dette er hovudingrediensane:

Kjøttdeig av svin

Kvitlauk

Salt

Pepar

Finkakka soltørka tomat

Jack Daniels saus

Urter (ta det du har)

Brødrasp (det lagar du sjølv eller kjøper i butikk), om lag 1 dl

Plater med butterdeig (ferdig i butikke eller heimelaga)

Egg til å lime enden med

 

Alt dette blandar du i passelege mengder. Tilsett alt i deigen og kna godt med hendene. I tillegg må du gjerne tilsette tabascosaus eller andre sterke sausar som du måtte like. Urtene kan stort sett vere kva som helst! Eg hadde ikkje urter tilgjengeleg denne gongen, noko eg verkeleg sakna i pølsene – både for smaken sin del og det visuelle sin del! Er litt meir lekkert med litt grøne innslag i deigen! Det viktigaste er likevel at pølsene har kraftig og god smak!Bruk det du har tilgjengeleg!

Kjelvle ut butterdeigen til små firkantar/rektangel, form ei lita pølse med deig og legg på butterdeigen. Rull saman og pensle med egg på langsida for å lime att butterdeigen. Kvar pølse bør ikkje vere meir enn ti cm lang.

IMG_0179

Legg pølsene på ei steikjeplate og pensle godt med egg. Steik på 225 grader i ca 30 minutt. Ta ut ei pølse og del den i to for å sjå om den er godt nok steikt. Legg til litt tid om du synest dei verkar lite ferdige.

IMG_0184

Server pølsene med ein  god saus til å dyppe dei i. Det kan vere Jack Daniels saus, ein smaksrik tomatsalsa eller ein annan saus som du måtte foretrekke! Du kan ete dei som dei er eller servere med ris og ein god salat. Dei eignar seg svært godt på tapasbordet (då kan du gjerne lage dei endå mindre) og ser supre i piknikk-korga eller i lunsjboksa. Dei smakar like godt (nesten) varme som kalde!

onsdag 29. juni 2011

Bringebæris – smaken av sommar…

Eg har tidlegare lagt ut ei oppskrift på youghurtis. Ungane likte den, men gav tilbakemelding på at den kanskje var i “suraste” laget. Her kjem difor ei litt meir barnevennlig oppskrift med bær.

IMG_9404

Til grunnoppskrifta treng du dette:

1 stort beger vaniljeyoughurt

1.5 dl fløte

100 gram melis

Slik gjer du det:

Pisk fløte og melis stivt. Tilsett youghurten. Bland godt.

Tilsett bringebær (eller anna bær om du ynskjer det). Eg erfarte at det var best å  bruke frosne bær slik at dei ikkje “vatna” ut isen.

Slå blandinga i ei flat plastboks med lokk. Sett i frysen, helst natta over. Men om du er skikkeleg lysten på is kan det vere nok med fire timar.

IMG_9405

Når du skal servere løsnar du isen med ein kniv, set boksa opp/ned på ei skjærefjøl og skjær opp passe bitar. Legg isen på nydelege dessertfat eller i ein plastkopp – smakar fantastisk uansett!

mandag 27. juni 2011

Steikt torsk på potetseng med brokkoli- og blomkålmos, smørdampa gulrøter og asparges.

Det er så altfor lenge sidan eg har lagt ut oppskrifter her inne! Men no er det sommartid og husfrua har betre tid til matlaging! I dag legg eg ut ei oppskrift eg har eksperimentert litt med. Eg skal ikkje skryte på meg at eg er den einaste som har kome på å lage dette, men det er smakskombinasjonane eg har jobba mest med. Det må vere smakar som komplementerer kvarandre og som verkeleg gir smaksoppleving og lyftar retten.

IMG_0089

For å lage dette treng du: skinn-og beinfri torskefilèt, soltørka tomat i olje, blomkål, brokkoli, gulrot og asparges. I tillegg skal retten smakast til med ymse krydder og smaken av sitron.

IMG_0098

Skrell fyrst potetene og skjær dei i passe tynne skiver. Legg fyrst eitt lag med poteter i ei eldfast form. Krydre med salt og sitronpepar. Alternativt kan du bruke vanleg pepar og heller skvise over litt sitronsaft.

Legg så over det andre laget med poteteskiver. Krydre på same måte.

Sett den eldfaste forma i steikeomnen på 225 grader i ein halvtime.

Medan potetene steikjer i omnen brukar du tid på å steike torsken.

Ta ut forma og gjer klart for å legge over dei andre ingrediensane.

 

IMG_0114

 

Smelt godt smør (gjerne meierismør) i panna og vent til det sluttar å skumme.

Legg i torsken og steik den gyllen og fin. Ikkje steik den for mykje, då blir den berre tørr. Den treng ikkje å vere heilt gjennomsteikt, då den må i omnen i lag med potetene etterpå.

Krydre med salt og sitronpepar. Dersom du har vanleg pepar kan du skvise over litt sitronsaft om du har.

 

 

 

 

Når fisken har fått bruna seg litt og potetene i omnen er ferdige, kuttar du litt soltørka tomat og strør over potetene. Legg så over fisken og sett tilbake i omnen. La den stå der til du ser at fisken er akkurat passe steikt.

IMG_0120 IMG_0124

La fisken kvile på eit fat medan du lagar purè av brokkoli og blomkål. Kok opp lettsalta vatn og legg i blomkål og brokkoli. La det koke til det er akkurat mørt. Slå av vatnet og damp grønsakene tørre. Ha i 1-2 gode skeier med meierismør og 1 ss fløyte eller 1-2 ss mjølk. Bruk stavmiksar og mos til det blir ein jamn og fin purè. Smak til med salt og grovkverna pepar. Den må ikkje bli for tam!

IMG_0110 IMG_0113

Det neste du gjer klart er asparges. Knekk den der det er naturleg (om lag tre siste centimeterane på stilken). Bruk potetskrellar og skrell av skalet på nederste halvdel av stilken. Ver forsiktig – den knekk lett!

Legg aspargesen i ei god og varm steikepanne med smelta meierismør. Rull dei litt rundt i smøret før du krydrar med Maldonsalt og grovkverna pepar. Skru ned varmen og la dei kose seg i panna til du er klar til å anrette maten.

IMG_0122

Så er det på tide å tilberede gulrøtene. Eg har funne meg ein ny favorittmåte å tilberede dei på.

Fyrst skrellar eg av alt skalet. Så held eg fram med å skrelle gulrota og puttar alt i ei lita gryte. Dersom du er veldig avansert kan du sjølvsagt bruke ein julienne-kuttar og få fine strimlar!

Ha ein god smørklatt i gryta og krydre med grovkverna pepar. Du vil bli positivt overraska over smakskombinasjonen!  La det heile putre forsiktig slik at dei ikkje blir for mjuke. Nokre få minutt er alt som trengst! PS! Til kvardags byttar du ut smøret med ein liten dæsj vatn!

 

IMG_0125

Ta eit fint fat og anrett maten. Eg har poteter og fisk i eine enden av fatet og grønsaken i den andre enden av fatet. Du kan gjere det kunstferdig og flott, eller kvardagsleg og flott!

IMG_0127

Eg vonar du tør å prøve deg på denne retten eller lage din eigen versjon av den! Det verkar kanskje vanskeleg, men det er berre å ta det steg for steg så går det bra! For å skaffe deg ei viss oversikt skal du altså;

  • Skrelle poteter og skjære dei i skiver
  • Steike fisken i panna
  • Lage purè av brokkoli og blomkål
  • Smørsteikje asparges
  • Smørdampe gulrot

Inn i mellom alt dette må du krydre litt og smake litt. Du må skjære soltørka tomat, skvise litt sitron og passe på at fisken ikkje blir for mykje steikt!

Håper maten vil smake!

mandag 23. mai 2011

La ungane lage isen sin sjølv!!!

Ungar kunne heilt sikkert ha ete is døgnet rundt om dei fekk lov! I helga kjøpte eg ei kokebok til vesle frøken snupp på 4 år, og den måtte sjølvsagt innviast! Ho bestemte seg raskt for å lage ein is ho fann oppskrift på.

IMG_8899

For å lage denne isen treng du:

1 stort beger youghurt naturell

1.5 dl fløte

30 gram melis

1 lita skål med knuste kjeks

1 lita skål med små marshmellows eller rosa skumputer

1 lita skål med fudgekarameller

 

 

Slik gjer du det:

Start med å slå fløten i ei stor skål. Bruk eit mjølsikt og dryss i melisen.

Pisk kremen så stiv at du kan lage toppar i kremen. Pass på at det ikkje vert for stivt.

 

IMG_8905

Etter å ha piska fløten stiv slår du i heile begeret med youghurt.

IMG_8909

Bland godt - dette er supert arbeid for ungane!

IMG_8917 IMG_8927

Picnik collage

Slå i dei tre skålene med kjeks, marshmellows og karameller. Så må det heile blandast godt på nytt. Litt prøvesmaking etter å ha fått all isen trygt på plass i boksa er sjølvsagt lov!

IMG_9022

Slå ismassen i ei passeleg plastboks med lokk. Eg brukte ei avlang Tupperware-boks og den var heilt super til dette formålet! Set isen i fryseboksa i minst fire timar før servering.

IMG_9025

Ta ut isen 10-15 minutt før servering slik at den får mjukne litt. Løsne rundt kantane og slå den over på ei skjærefjøl. Del deretter opp i passelege serveringsstykke. Eg hadde tenkt å bruke isskei, men fekk det ikkje heilt til. Dessutan syntest eg at snittflatene vart så fargerike og flotte å sjå på!

IMG_9028

Server isen i fargerike skåler, plastglas eller lag kuler og ha dei i kjeks. Isen smakar absolutt best om den får verte litt temperert.

IMG_9035

Denne oppskrifta er utruleg enkel og ein kan trygt setje ungane i gong på kjøkkenet. Den kan sjølvsagt varierast på mange måtar:

  • Som kjeks kan du bruke Gullvafler (eg brukte sjokoladevarianten), Oreo, Maryland cookies etc.
  • Du kan bruke minimarshmellows eller skumputer som du får i smågodtdisken.
  • Bruk vaniljeyoughurt i staden for naturell
  • Bruk youghurt med smak og tilsett frukt i staden for snop
  • Som snop kan du bruke alt mogleg; Non Stop, hakka sjokolade, hakka twist, knust tyrkisk pepar, lakriskbitar etc.

Håper vi får mange flotte iskremdagar i sommar!!!

lørdag 14. mai 2011

Marinert grapefrukt – ei smaksoppleving!

Etter å ha skrive om grapefrukta sine positive sider, har eg fått nokre tips på oppskrifter. Cathrine sende meg eit tips om marinert grapefrukt og det måtte eg sjøvlsagt prøve!

IMG_8389

Fyrst skar eg ut grapefruktfilètane og la dei i ei eldfast form. Også denne gongen pressa eg juice av alt som var til overs. Eg brukte tre grapefrukter og fekk om lag tre dl fantastisk juice!

IMG_8391

Så dryste eg over raust med heimelaga vaniljesukker. Dersom du ikkje har det, nyttar du sjølvsagt det du har! La grapefrukta stå på benken i ein time. Slå ovnen på 250 grader og sett inn filètane. Dersom du har grill på ovnen din er det supert å bruke den! Då må du kike på filètane ofte slik at dei ikkje vert brent. Steikjetida kan variere litt frå omn til omn, men mine stod i ca eit kvarter (eg brukte ikkje grill).

IMG_8456

Dei ferdige filètane smakar nydeleg som tilbehør til is eller andre dessertar, eller dei kan etast som dei er! Vi er inne i ei “ikkje ete is så veldig ofte”-periode, så her vart dei inntatt naturell!

grape

Velbekomme!