NB! Work in progress - bloggen endrar seg og veks seg til smått om senn.... Takk for at du tek turen innom!

lørdag 12. februar 2011

Sitroniskake med jordbærsaus, a’la Trine

Har du lyst å imponere ei mamma med ei nydeleg kake i morgon? Eller kanskje du berre vil lage litt kake til deg sjølv? Forrige helg laga eg ei sitroniskake som eg fann på den fantastiske bloggen til Trine. Kaka er syrleg og god, medan den heimelaga jordbærsausen bidreg med det søte! Det er ein utruleg vakker ingrediens som absolutt hevar jordbærsausen, nemleg stjerneanis!

sitroniskake

Dette treng du til isen:

3,5 dl creme fraiche

2 eggeplommer

1 ts vaniljesukker

1 sitron, saft og skall

2 eggekvitar

1 dl melis

 

Dette treng du til botnen:

Ca 3 dl smuler av søt kjeks(feks Bix-it)

Du treng også eit kakefat og ringen til ei kakeform på 24 cm i diameter. Set ringen ned på kakefatet og strø i dei knuste kjeksa. Du treng ikkje smør.

 

Slik lagar du isen:

Visp creme fraiche stiv. Visp saman eggeplommene med vaniljesukker og bland inn stivpiska creme fraiche med ein slikkepott. Tilsett sitronsaft og rive sitronskall.

Visp eggekvitene stive med melis (erfaringsmessig lønner det seg å vispe eggekvitane litt før du har i melisen). Ta den piska eggekviten og skjær den inn i kremen du har laga av creme fraiche. 

Fordel ismassen forsiktig over kjekssmulane. La isen stivne i frysaren. Det beste er om du lagar den dagen før du skal servere den. Når du skal servere iskaka bør du ta den ut av frysaren 30-45 minutt før servering. Pynt gjerne iskaka med litt strimla sitronskal og sitronmelisse eller mynte før servering.

sitroniskake1

Same dag som du skal servere kaka lagar du den fantastiske jordbærsausen.

Dette treng du til sausen:

300 gram friske eller frosne jordbær

ca 1 dl vann

ca 75 gram sukker

2 stjerneanis

saft av 1/2 sitron

Slik lagar du sausen:

Lag sukkerlake av vatn, sukker og stjerneanis, og sett til avkjøling. Ha jordbær og sitronsaft i ein foodprosessor eller ei smoothiesmaskin. Ta stjerneanisen ut av sukkerlaken før du slår den over bæra. Bland det heile til ein jamn saus. Dersom du brukar smoothiesmaskin og frosne bær må du gjere dette i litt fleire etappar, då den frosne bæra kan vere vanskeleg å knuse for maskina. Når all bæra er knust og sausen er jamn og fin, slår du den i ein fin mugge og set den i kjøleskapet til du skal servere. Både sausen og kaka er haldbar i hhv kjøleskap og frysar i ca en veke.

sitroniskake2

Du vil verte overraska over den fantastiske smaken stjerneanis set på sausen! Gjestane dine vil bli sittande å smatte på sausen og leite etter ingrediensen som set prikken over i’en! Når du tek stjerneanisen ut av sukkerlaken kan du godt legge den til side på eit t-fat. Den passar supert til å pynte kaka med! Som du ser av biletet er den blank og glasert av sukkert. Den vil halde seg så fin i dagesvis!

Dette er ei super morsdagskake!

PS! Seinare i dag kjem det ei oppskrift på verdens beste fiskemiddag! Den høver godt som morsdagsmiddag. Dersom du vil lage denne middagen må du passe på å ha kveite i hus! Smørdampa kveit får du altså oppskrift på seinare i dag!

2 kommentarer:

  1. Denne kaken så veldig god ut!

    SvarSlett
  2. Så gøy at du har laget sitroniskaken! En av mine favoritter... ;)

    Klem,
    Trine ;)

    SvarSlett