NB! Work in progress - bloggen endrar seg og veks seg til smått om senn.... Takk for at du tek turen innom!

torsdag 3. februar 2011

Rennande pizzadeig!

Når ein lagar pizzadeig er det aller meste vanlege at deigen skal vere fast og at den skal knødast ein del. For nokre år sidan fekk eg oppskrift på ei pizzadeig som praktisk talt er rennande. Resultatet er ei deig som er sprø og saftig.

Pizzadeig-225b

Dette treng du:

8,5 dl kveitemjøl

1 pk tørrgjær

1 1/2 ts salt

5-6 dl lunka vatn

Slik gjer du det:

Bland alt det tørre. Slå i alt vatnet og rør godt med ei sleiv. Du vil sjå at deigen er ganske laus og det skal den vere! Dekk med plast og hev i ca 30 minutt. Etter heving slår du deigen i ei bakepapirkledd langpanne. Det kan vere litt vanskeleg å då deigen utover langpanna, men eg brukar ein slikkepott til å jamne deigen utover. Eg brukar sjølvsagt fingrane om det er naudsynt.

Legg over det pizzafyllet du likar best. Strø over godt med ost. Steik nederst i ovnen på 250 grader i 18-20 minutt. Sjekk gjerne etter 15 minutt. Pizzaen skal ikkje vere brent, men den lause og “våte” deigen krev god steiketid.

Denne måten å lage pizzadeig på er svært enkel og resultatet blir alltid vellukka (så sant du steikjer den nok…).

NB! Biletet har eg lånt på aperitif.no.

2 kommentarer:

  1. Så kjekt med fleire matbloggarar frå sunnmøre :D

    Eg legg deg til i blogglista mi og håpar det er greit. Mykje spanande oppskrifter og fantastiske bilde hos deg. Pizzadeiga skal prøvast ut i næraste framtid, eg hatar nemleg å kna deig!!

    klem Ingvild

    SvarSlett
  2. Å finne en pizzadeig som man liker og som funker er ikke lett.
    Skal pröve denne her tenkte eg.
    Liker sprö og tynn bunn best.
    Takk for tipset.
    Klem Synnöve.

    SvarSlett