NB! Work in progress - bloggen endrar seg og veks seg til smått om senn.... Takk for at du tek turen innom!

tirsdag 16. august 2011

Dårleg tid = dårleg mat, eller…???

Kvardagane er over oss alle no. Folk flest har byrja i arbeid og tusenvis av ungar står klar til skulestart, fotballtreningar, korps, handball, korøving, speidar og mykje meir. Eg veit at mange heimar har dårleg med tid når kvardagen set inn. Men ein ting er sikkert; mat må ein ha likevel.

Det er ikkje alltid ein rekk å lage dei mest avanserte middagane. Av og til har ein berre 30 minutt til disposisjon til både å lage og konsumere maten. Då må ein vere kreativ. Og IKKJE ha dårleg samvit om det av og til blir litt “greinalaust”, som vi seier på Sunnmøre!

Det skal veldig lite til for å piffe opp ein heilt ordinær “nesten ferdig”-middag. Det smakar godt. Det går fort. Og ungane likar det!

IMG_1717

Eg laga ein slik testmiddag ein dag i forrige veke. Eg kjøpte ein pakke med krydra, spanske kjøtbollar (heilt vanlege går også fint!). Kjøtbollane vart fyrste steikt litt og varma i olje, deretter pøste eg på med chilisaus frå Filipinene. Liknande sausar har dei på dei fleste daglegvarebutikkar no, men om du kjøper i ein innvandrarbutikk får du dei mykje billegare og i mykje større flasker!

La kjøtbollane surre litt i chilisausen før du serverer dei over kokt pasta – kva som helst slags pasta – men gjerne fullkorn!

For å gjere det heile litt meir fargerikt og spennande kan ein kjøpe ferdig vaska og kutta salat, skjære opp nokre tomatar og elles det du har liggande i kjøleskapet eller for handa.

Det fine med denne middagen er at ungane kan hjelpe til med det meste av arbeidet, sjølv dei minste! På under 20 minutt har du “laga” god mat og fått dekt bordet, alle kan ete seg gode og mette for så å suse av garde til fritidsaktivitetar!

IMG_1862

Når alle i heimen er på arbeid eller på skule, kan ein ikkje forvente at alle middagar er like heimelaga, velduftande og flotte å sjå på. Men med enkle handletips og planlegging kan ein fikse næringsrik og god middag i ein fei!

Har du gode tips til korleis ein kan piffe opp ein heilt ordinær “kjøpt på butikken”-middag? Har du lure middagsplanleggingstips? Handletips?

I dei komande vekene skal eg prøve å kom med nokre god råd til korleis ein kan førebu seg for å lage middag i ein fei!

Kom gjerne med lure tips i kommentarfeltet!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar