NB! Work in progress - bloggen endrar seg og veks seg til smått om senn.... Takk for at du tek turen innom!

torsdag 22. september 2011

Salat treng ikkje alltid å ligge i ei skål!

Eigentleg likar eg aller best å servere salat på store, flate fat. Det ser så delikat ut og så viser alle ingrediensane så godt. Denne gongen har eg laga salaten i salaten!

IMG_2705

Det viktigaste du treng er hjertesalat. Plukk salatblada i frå kvarandre og vask dei godt. Legg dei fint på eit rundt fat.

IMG_2706

Ta deg så ein tur i kjøleskapet og sjå kva du har. Denne gongen brukte eg paprika, raud løk, agurk og tomat (sistnemnte låg sjølvsagt ikkje i kjøleskapet!). Skjær alt i små bitar og strø dei i salatblada. Når alt var på plass risla eg over god olivenolje og balsamicoeddik. Deretter la eg på krutongar rista i olje og kvitløk.

IMG_2716

Denne gongen vart salaten servert i lag med pastasløyfer frå Olivier & Co og chilimarinert kyllingfilèt.

IMG_2719

Dommen frå den kritiske juryen var heilt klar; det var supergøy å ete slik salat til middagen! Dei likte å plukke seg eit salatblad med godsaker og legge på fatet. Litt ekstra balsamico på tallerkenen til å dyppe godsakene i er obligatorisk!

Det skal vere gøy å lage middag og tilbehør til middag. Å lage denne salaten som tilbehør tek lite tid og er utruleg godt. Du brukar sjølvsagt det du har tilgjengeleg og det du likar godt.

Har du ein salatfavoritt???

tirsdag 20. september 2011

...om å pakke inn spaghetti

Dette handlar ikkje om å pakke inn spaghetti som gåve. Det handlar om å rulle nykokt, al dente pasta i ein herleg miks av oljar, safter og smakfulle ingrediensar. Dette er ei søt, lita oppskrift som gjer spaghettien til ei fryd og ete, og som slettes ikkje treng anna tilbehør! Og best av alt; det går lynande fort å lage det, og om ein har litt basisingrediensar i skapa sine, så er det utruleg billeg mat!

 

paprika, kvitløk, basilikum, sitron, søte tomatar

 

Ta alle ingrediensane på bileta oppom, og hakk dei opp i små, små bitar. Sitronen skal du ikkje hakke, men vaske godt og rive av litt sitronskal. Bruk eit zest-jarn eller ei fin rasp. PS! Fjern innmaten i tomatane, du treng berre tomatkjøtet. Bland desse ingrediensane i ei skål. Tilsett litt salt, grovkverna pepar og ørlite sukker. Bland alt godt.

god olivenolje, balsamico, sitronsaft

Bruk ca to delar olje og 1/2-1 del balsamico (kjem an på kor godt du likar det) og safta frå minimum ein halv sitron. Rør dette godt saman og slå det over dei andre ingrediensane. Bland godt. Slå dette over nykokt pasta og bland godt! Det er her omgrepet "å pakke inn" kjem til sin rett! Pynt gjerne med basilikum, evt. litt riven ost og små cherrytomatar delt i to (det er mykje fantastisk god tomat å få kjøpt, prøv gjerne ulike sortar). For å toppe det heile raspar eg alltid over litt sitronskal. Mmmmmmm...... Du kan sjølvsagt tilsette steikt kyllingbryst eller litt god skinke - men for all del: styr unna kjøtdeig!

Håper maten vil smake!

onsdag 7. september 2011

Verdens beste kjøtbollar!

Å lage kjøtbollar er noko av det kjekkaste jentene mine veit! Oppskrifta består stort sett av det ein til ei kvar tid måtte ha i kjøleskapet, så her er det rom for store variasjonar! Det eg foreslår her er ei basic-oppskrift, med tips til nokre ingrediensar som kan piffe opp bollane litt! Etter å ha smakt desse, kjem du nok neppe til å kjøpe ferdige kjøtbollar igjen...

kjøttbollar

Dette treng du for å lage ein raus familieporsjon:

To pk familiedeig (vi meiner bollane blir best når ein brukar deig med svinekjøt), flatblada persille (vanl. persille går også), kvitløk (gjerne tre fedd), 1/4 ts salt, svart pepar, 2-3 ss worchestershire-saus (el. anna saus du måtte like: tabasco, søt chili m.m. - ta det du evt. måtte ha), 1-2 ss sitronsaft (el. 1 ss sitronsaft+1ss raspa sitronskal).

Dette er grunnoppskrifta vår! For å piffe den opp litt brukar vi i tillegg hakka fetaost og hakka oliven. Du kan sjølvsagt ha i hakka løk, paprika, ulike krydderurter - eigentleg alt du har lyst på! Som du ser har ikkje eg med egg i oppskrifta. Dels fordi guten vår har eggeallergi, dels fordi eg meiner det ikkje er nødvendig. Men ha gjerne i eit egg om du ynskjer det! Bruk dei ingrediensane du har lyst til!

Slik gjer du det:

Framgangsmåten er særs enkel! Bland alt i ein stor bolle - bruk fingrane. Kna godt - men ikkje for lenge, pass på at alt er godt blanda. Lag små bollar, bruk hendene. La gjerne ungane gjere denne jobben, dei har lettast for å få bollane små nok. Bør ikkje vere større enn ei STOR klinkekule. Steik dei i ei blanding av margarin og god olivenolje. Ikkje steik dei ihèl! Pass på at alle har fin farge og steikeskorpe, legg dei deretter i ei eldfast form og ha dei ei stund i steikeomnen (ca. 200 grader, 15 minutt).


Korleis et ein dette?
Sidan dette er kjøtbollar med mykje smak, er det ikkje nødvendig med sterk saus til. Vi brukar bandspaghetti (el. anna spaghetti, helst fersk) og ein god salat med masse små, søte babytomatar. I tillegg kan det vere godt å koke inn fløte med godt krydder og litt salt, som du slår over spaghettien når den er ferdig. Meir treng du ikkje!
Dette er ei av favorittoppskriftene våre! Kjøtbollane smakar kjempegodt, er enkle å lage og supert for ungane å få hjelpe til med. Når eg lagar mat synest eg det er kjekt om eg klarar å lure inn ein "special touch", eller ein hemmeleg ingrediens, som Ida kallar det. I denne oppskrifta vil det nok vere sitronen som tilfører det vesle ekstra! Då er det berre å sette igong!

tirsdag 6. september 2011

Pitapizza

Når ein får lunsjgjestar, er det kjekt å diske opp med ein lunsjrett som er enkel å lage, med få ingrediensar og som er ei garantert smaksoppleving! Pitapizza er ein favoritt her i huset, og så synest ungane det er ekstra stas når dei får lage pizzaen sin sjølv!fredagslunsj

(beklagar den dårlege biletekvaliteten, det er eit mobilbilete…)

Dette treng du til fire personar:

Fire pitabrød, gjerne grove

Tomatsaus, heimelaga eller kjøpt

2-4 kyllingfilètar (krydre under steiking)

Raud løk

Sitronpepar

Riven ost

Ingrediensar til ein grøn salat – ta det du likar eller det du måtte ha tilgjengeleg!

Steik på 225 grader til du ser osten er smelta og gyllen (om lag 10-15 minutt)

Slik gjer du det:

Ta eit pitabrød, smør på tomatsaus - heimelaga eller kjøpt! Legg på steikt kyllingkjøtt i bitar og strimlar med raud løk. Over dette har eg litt sitronpepar - sitronen set verkeleg prikken over i`en! Topp med ost. Eg synest det er best når ein blandar ulike ostesortar. Min favoritt er riven cheddar og mozzarella. Dryss litt grasløk og flaksalt på toppen. Hugs at vi et like mykje med auga som med munnen, så det er viktig at det ser fint ut. Legg litt blanda salat og tomat rundt eit fat, slå over olivenolje og balsamicoeddik. Pizzaen legg du midt på - og vips, så har du eit fantastisk måltid som vil overraske dei fleste! Berre prøv, og legg gjerne igjen ein kommentar dersom du likar det!